I Go Wild

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
«I Go Wild»
Singel av the Rolling Stones
frå albumet Voodoo Lounge
Utgjeve 1995
Innspelt 1993
Sjanger Rock
Lengd 4:23
Selskap Rolling Stones/Virgin
Låtskrivar(ar) Jagger/Richards
Produsent Don Was & The Glimmer Twins
the Rolling Stones-kronologi
«Out of Tears»
(1994)
«I Go Wild» «Anybody Seen My Baby?»
(1998)


«I Go Wild» er ein song av the Rolling Stones frå albumet Voodoo Lounge frå 1994.

Songen er tilskriven Mick Jagger og Keith Richards, men er hovudsakleg skriven av Jagger.[1] Songen vart skriven av Jagger på gitar i lag med Charlie Watts på gitar, og var stort sett ferdig før dei tok han med til resten av bandet.[1]

Songen er ein streit rockesong med tekstar som omhandlar songaren sitt forhold til ei «femme fatale»;

« And the doctors says you'll be okay and if you'd only stay away; From femme fatales and dirty bitches and daylight drabs and nightime witches and working girls and blue stockings and dance hall babes and body poppers and waitresses with broken noses, Checkout girls striking poses and politicians' garish wives, With alcoholic cunts like knives »
« I go wild when you're in my face; I go wild when I taste your taste; I go wild and I go insane; I get sick - somebody stop this pain »

«I Go Wild» vart spelt inn på sommaren og på slutten av 1993 i Sandymount Studios i Irland og A&M Recording Studios i Los Angeles.[1] Jagger er på solovokal, Richards og Ron Wood er med på elektrisk gitar, Charlie Watts speler trommer, medan Darryl Jones spelar bass. Chuck Leavell spelar orgel og Phil Jones er på perkusjon. Både Jagger, Richards, Bernard Fowler og Ivan Neville syng korvokal.[2]

Songen vart gjeven ut som den fjerde singelen frå Voodoo Lounge den 3. juli 1995. Han nådde 29. plass på den britiske singellista. Det vart laga ein musikkvideo i Ex-templo de San Lázaro i Mexico City like før Stones la ut på den fjortande stadionturneen i Sør-Amerika.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1995) Plassering
Australia (ARIA)[3] 57
Tyskland (Media Control AG)[4] 61
Nederland (Mega Single Top 100)[5] 48
UK Singles (Official Charts Company)[6] 29
US Mainstream Rock (Billboard)[7] 20

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Out of Tears». Time Is On Our Side. http://timeisonourside.com/SOOutOfTears.html. Henta 29. mars 2009. 
  2. "I Go Wild". Keno's Rolling Stones Lyric Page. 2007..
  3. «The ARIA Australian Top 100 Singles Chart – Week Ending 07. mai 1995». Imgur.com (original document published by ARIA). http://i.imgur.com/yAr1aC4.jpg. Henta 30. mars 2018. 
  4. "The Rolling Stones - I Go Wild". Charts.de. Media Control. Henta 30. mars 2018.
  5. "Dutchcharts.nl – The Rolling Stones – I Go Wild" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 30. mars 2018.
  6. "Chart Stats – Rolling Stones – {{{song}}}" UK Singles Chart. Chart Stats. Henta 30. mars 2018.
  7. "The Rolling Stones – Listehistorie" Billboard Mainstream Rock Songs for The Rolling Stones. Henta 30. mars 2018.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]