I Go to Pieces

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
I Go to Pieces
Singel av Peter & Gordon
frå albumet I Go to Pieces (USA)
B-side «Love Me Baby»
Utgjeve November 1964 (Storbritannia)
Desember 1964 (USA)
Innspelt 1964
Abbey Road Studios
Sjanger Merseybeat
Lengd 2:25
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Del Shannon
Produsent John Burgess
Peter & Gordon-kronologi
«I Don't Want to See You Again»
(1964)
I Go to Pieces «True Love Ways»
(1965)


«I Go to Pieces» er ein song skriven av Del Shannon. Songen vart ein hit for Peter and Gordon i 1965.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Del Shannon hadde skrive «I Go to Pieces» for R&B-songaren Lloyd Brown som Shannon hadde oppdaga på ein nattklubb i Michigan. Shannon arrangerte og produserte ei innspeling med Brown, men fekk ingen plateselskap som var interesserte. Shannon prøvde sjølv å spele inn songen i august 1964, men fann aldri eit vokalopptak han var nøgd med.

Following the success of the Peter and Gordon version of «I Go to Pieces», Del Shannon himself spelte inn songen at Bell Sound Studio NYC in March 1965. Basing his version on the arrangement utilized by Peter and Gordon, Shannon's version of his own composition was effectively one of a number of covers of recent hits which comprised his album One Thousand Six Hundred Sixty One Seconds with Del Shannon. Shannon also sang on the remake of «I Go to Pieces» by Nils Lofgren i 1981 på albumet hans Night Fades Away.

Peter and Gordon[endre | endre wikiteksten]

«I Go to Pieces» gjekk til Peter and Gordon då dei og Del Shannon i lag med The Searchers var på same turné i Australia i andre halvdel av 1964. Shannon prøvde då å få The Searchers til å syngje songen. Searchers var ikkje interessert, men det var Peter and Gordon og spurte Shannon om dei kunne få spele han. Peter and Gordon spelte inn «I Go to Pieces» i Abbey Road Studios med John Burgess som produsent og Geoff Love som arrangør og dirigent. Singelen kom ut i Storbritannia den 20. november 1964 og vart den andre singelen deira på rad som ikkje gjekk inn på den britiske singellista. Men sidan dette var midt i «den britiske invasjonen» av USA, vart ein hit der i desember 1964. «I Go to Pieces» gjekk inn på topp 10 på Billboard Hot 100 i februar 1965. Det vart òg tittelsporet på det tredje albumet til Peter and Gordon i USA. Singelen vart òg ein hit i Sverige, der han nådde 11. plassen, medan han som ei dobbel A-side med «Love Me Baby» nådde 26. plassen i Australia.

«I Go to Pieces» var ein av 150 songar som Clear Channel Communications bad 1170 radiostasjonar om å ikkje spele i USA etter terroråtaka 11. september 2001. Peter Asher sa: «Eg går ut frå at ein song om noko som går i stykke kan vere forstyrrande for nokon som tek det bokstavleg» Asher protesterte derimot på at «A World Without Love» var med på lista: «det er ein total kjæreleikssong og kan vel berre vere til hjelp akkurat no.»[1]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1964) Plassering
Australia (Kent Music Report) 26
Canada RPM Top Singles[2] 21
Sweden 11
US Billboard Hot 100[3] 9
US Cash Box Top 100[4] 6

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1965) Plassering
US Billboard Hot 100[5] 75
US Cash Box [6] 84

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre Cotton, Lloyd & Christian, Leif Garrett, Rachel Sweet, Dean Dillon, Southern Pacific, Guys Next Door, Nils Lofgren, David Frizzell (My Life is Just a Bridge/ 1993), Sonny Geraci (On the Verge/ 2000), Ian Mitchell Band (Suddenly You Love Me/ 2008), Joe Pernice (It Feels So Good When I Stop/ 2009), Colleen Peterson (Takin' My Boots Off/ 1978), Streetnix (Listen/ 1993), Gyllene Tider (B-side av singelen «Flickan i en Cole Porter-sång» i 1982), Bobby Vinton (Bobby Vinton/ 1988), Albert West (West & Friends/ 1988) og The Wynners (Love & Other Pieces/ 1975).

Ei utgåve på italiensk som «Il mare non racconta mai» var ein singel frå 1967 av Camaleonti.[7][8] Ei finsk utgåve, «Palasiksi Hajoan», vart spelt inn av Rock Ola & the Charades i 1993.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Strauss, Neil (19. september 2001). «THE POP LIFE - After the Horror, Radio Stations Pull Some Songs». NYTimes.com. Henta 1. april 2018. 
  2. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. 1. februar 1965. Henta 1. april 2018. 
  3. Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-1990 - ISBN 0-89820-089-X
  4. Cash Box Top 100 Singles, 27. februar 1965
  5. Musicoutfitters.com
  6. Cash Box Year-End Charts: Top 100 Pop Singles, 25. desember 1965
  7. «Full Length Biography». Delshannon.Com. Henta 1. april 2018. 
  8. «Music Search, Recommendations, Videos and Reviews». AllMusic. Henta 1. april 2018.