I Got Dem Ol' Kozmic Blues Again Mama!

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
I Got Dem Ol' Kozmic Blues Again Mama!
Studioalbum av Janis Joplin
Utgjeve 11. september 1969
Innspelt 16. til 26. juni 1969
Studio Columbia Records Studios, New York City, New York[1]
Sjanger Bluesrock, psykedelisk rock
Lengd 37:31
Selskap Columbia
Produsent Gabriel Mekler
Janis Joplin-kronologi
Cheap Thrills
(1968)
I Got Dem Ol' Kozmic Blues Again Mama! Pearl
(1971)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg [2]
Robert ChristgauA− [3]
Rolling Stone(positiv) [4]

I Got Dem Ol' Kozmic Blues Again Mama! er eit studioalbum frå 1969 av den amerikanske songaren og låtskrivaren Janis Joplin. Det var det første soloalbumet hennar etter ho forlet det tidlegare bandet sitt, Big Brother and the Holding Company,[5] og det einaste ho gav ut medan ho levde (Pearl kom ut tre månader etter ho døydde).

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Innspelinga byrja 16. juni 1969 i New York City og var fullført 26. juni. Joplin fekk med seg gitaristen Sam Andrew frå Holding Company på innspelinga, i tillegg til The Kozmic Blues Band. Joplin fekk med seg ei blåserekkje på fleire av songane, noko det tidlegare bandet hennar ikkje hadde ønskt. Albumet skilde seg mykje frå den tidlegare psykedeliske rocken hennar og songane var her mykje meir i retning soul og blues.[6] Alle utanom to songar var coverlåtar som produsenten Gabriel Mekler og Joplin valte ut. Dei to andre songane, «One Good Man» og «Kozmic Blues», var skrivne av Joplin sjølv. I alt var albumet meir polert, men vart ikkje ein like stor suksess som Cheap Thrills.[7]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Albumet kom ut 11. september 1969 og selde til gullplate to månader seinare.[8]

CD-utgåva frå 1999 inneheld eit opptak av Bob Dylan sin «Dear Landlord», med ny tekst og arrangement av Joplin, og versjonar av «Summertime» og «Piece of My Heart» frå Woodstockfestivalen som bonusspor.[9]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Try (Just a Little Bit Harder)»  Jerry Ragovoy, Chip Taylor 03:57
2. «Maybe»  Richard Barrett 03:41
3. «One Good Man»  Janis Joplin 04:12
4. «As Good As You've Been to This World»  Nick Gravenites 05:27
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
5. «To Love Somebody»  Barry Gibb, Robin Gibb 05:14
6. «Kozmic Blues»  Janis Joplin, Gabriel Mekler 04:24
7. «Little Girl Blue»  Lorenz Hart, Richard Rodgers 03:51
8. «Work Me, Lord»  Nick Gravenites 06:45
Bonusspor på CD-utgåve
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
9. «Dear Landlord» (unytta studioopptak)Bob Dylan, Janis Joplin 02:32
10. «Summertime» (live frå Woodstock)George Gershwin 05:04
11. «Piece of My Heart» (live frå Woodstock)Jerry Ragovoy, Bert Berns 06:31

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
USA (RIAA)[10] Platina 1,000,000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Janis Joplin - I Got Dem Ol' Kozmic Blues Again Mama». Last.fm. Henta 1. mars 2015. 
  2. Unterberger, Richie. I Got Dem Ol' Kozmic Blues Again Mama!Allmusic. Henta 1. september 2018.
  3. Christgau, Robert. «Janis Joplin». robertchristgau.com. Henta 1. september 2018. 
  4. Leimbacher, Ed; Burks, John (1. november 1969). «Janis Joplin: I Got Dem Ol' Kozmic Blues Again Mama!». Rolling Stone (San Francisco: Straight Arrow Publishers, Inc.) (45): 40. Henta 1. september 2018. 
  5. Unterberger, Richie. I Got Dem Ol' Kozmic Blues Again Mama!Allmusic. Henta 1. september 2018.
  6. Michael Gallucci. «45 Years Ago: Janis Joplin Releases Her Debut Solo Album». ultimateclassicrock.com. Henta 1. september 2018. 
  7. «Billboard Charts - Janis Joplin». billboard.com. Henta 1. september 2018. 
  8. «American album salstrofé – Janis Joplin – I Got Dem Ol' Kozmic Blues Again Mama». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
  9. «Kozmic Blues». janisjoplin.net. Henta 1. september 2018. 
  10. «American album salstrofé – Janis Joplin – I Got Dem Ol' Kozmic Blues Again Mama!». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH