I Have Dreamed

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
I Have Dreamed
Singel av The Lettermen
frå albumet I Have Dreamed
B-side

«The Pendulum Swings Both Ways»

Språk engelsk
Utgjeve 1969
Lengd 2:53
Selskap Capitol
Komponist Richard Rodgers
Tekstforfattar Oscar Hammerstein II
Låtskrivar(ar) Richard Rodgers, Oscar Hammerstein II
The Lettermen-kronologi 
«Put Your Head on My Shoulder»
(1968)
I Have Dreamed «Hurt So Bad»
(1969)


«I Have Dreamed» er ein musikalsong frå Rodgers and Hammerstein-musikalen The King and I frå 1951. Den originale Broadway-produkskjonen vart sungen av Doretta Morrow og Larry Douglas. Han har sidan blitt ein standard og mange artistar har gjort innspelingar av denne songen. Melodien vert skulda å vere for lik Alfred Newman-songen «The Hill of the Brilliant Green Jade» frå filmen The Keys of the Kingdom frå 1944 med Gregory Peck,[1], men berre sju notar er dei same.

I musikalen syng karakterane Lun Tha og Tuptim om korleis dei drøymer at kjærleiken deira skal bløme medan dei førebur seg til å rømme frå slottet til kongen. Dette står i kontrast til den dempa stemninga i songen «We Kiss in a Shadow», der dei fryktar at kongen kjem til å få vite om kjærleiken deira.

«I Have Dreamed» vart lagt til musikken til The King and I under ei prøvespeling utanbys. Songen vart spelt inn for filmmusikken til filmversjonen av The King and I, men det vart ikkje filma scener med «I Have Dreamed» og songen vert berre nytta som bakgrunnssmusikk like før scenen «We Kiss in a Shadow». «I Have Dreamed» var likevel med på filmmusikkalbumet til filmen.

Innspelte versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Film Score Click Track». Arkivert frå originalen 23. september 2016. Henta 1. mai 2014. 
  2. http://www.discogs.com Sergio Franchi