I Honestly Love You
| I Honestly Love You Singel av Olivia Newton-John frå albumet Long Live Love (UK) If You Love Me, Let Me Know (US) | ||
| B-side |
«Home Ain't Home Anymore» (U.S.) | |
|---|---|---|
| Språk | engelsk | |
| Utgjeve | 28. april 1974 | |
| Sjanger | Countrypop | |
| Lengd | 3:40 | |
| Selskap | MCA | |
| Låtskrivar(ar) | Jeff Barry & Peter Allen | |
| Produsent | John Farrar | |
| Olivia Newton-John-kronologi | ||
| «If You Love Me, Let Me Know» (1974) |
I Honestly Love You | «Have You Never Been Mellow» (1975)
|
«I Honestly Love You» (først gjeve ut i Australia som «I Love You, I Honestly Love You») var ein stor hitsingel for Olivia Newton-John i 1974. Songen vart den første for Newton-John som nådde toppen av listene i USA og Canada.
Han vart gjeven ut på albumet Long Live Love i Storbritannia av EMI, og sidan på albumet If You Love Me, Let Me Know i USA på MCA. Songen var skriven av Jeff Barry og den australske låtskrivaren Peter Allen. Allen spelte inn songen kring same tid for albumet Continental American. Han finst òg i musikalen om livet til Allen, The Boy from Oz. VH1 plasserte songen på 11. plass på lista dei over dei 40 beste softrock-songane gjennom tidene.[1] Med denne songen vann Newton-John Grammyprisen for både årets plate og årets kvinnelege popartist.[2] Andy Williams gav ut ein versjon i 1974 på albumet sitt You Lay So Easy on My Mind.
Eit klipp av songen vert spelt over radio under det andre haiåtaket i filmen Haisommer frå 1975.
Lister
[endre | endre wikiteksten]Songen toppa lista i USA den 5. oktober 1974 og selde over to millionar eksemplar her, som gav Newton-John ei platinaplate. Han nådde òg 3. plassen på Adult Contemporary-lista.[3] og sjetteplass på Country-lista.[4] Den store populariteten til songen gjorde at òg albumet If You Love Me, Let Me Know, nådde toppen av albumlista. Singelen gjorde det heller dårleg i Storbritannia der han berre nådde 22. plass.
Newton-John gav ut songen på ny i 1977 med B-sida «Don't Cry for Me Argentina». Han nådde då 48. plass i USA.
1998-versjonen
[endre | endre wikiteksten]| I Honestly Love You '98 Singel av Olivia Newton-John frå albumet Back with a Heart | ||
| Språk | engelsk | |
| Utgjeve | 1998 | |
| Innspelt | 1998 | |
| Sjanger | Pop | |
| Lengd | 4:04 | |
| Selskap | MCA | |
| Produsent | John Farrar | |
I 1998 gav Newton-John ut ein ny versjon av «I Honestly Love You» frå albumet hennar Back with a Heart, med Babyface på korvokal. Denne nådde 67. plass på Billboard Hot 100, den første singelen hennar på lista der på seks år.
Lister
[endre | endre wikiteksten]| Liste (1974) | Plassering |
|---|---|
| Australian ARIA Singles Chart | 1 |
| Canadian RPM Top Singles | 1 |
| Canadian RPM Country Tracks | 1 |
| Canadian RPM Adult Contemporary Tracks | 1 |
| Sverige | 1 |
| UK Singles Chart | 22 |
| U.S. Billboard Hot 100 | 1 |
| U.S. Billboard Hot Country Singles | 6 |
| U.S. Billboard Easy Listening | 1 |
| Liste (1977) | Plassering |
| Canadian RPM Top Singles | 55 |
| Canadian RPM Adult Contemporary Tracks | 1 |
| U.S. Billboard Hot 100 | 48 |
| U.S. Billboard Easy Listening | 49 |
| Liste (1983) | Plassering |
| UK Singles Chart | 52 |
| Liste (1998) | Plassering |
| Australian ARIA Singles Chart | 88 |
| U.S. Billboard Country Singles Sales | 16 |
| U.S. Billboard Hot 100 | 67 |
| U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks | 18 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «I Honestly Love You» frå Wikipedia på engelsk, den 26. august 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «VH1's 40 Most Softsational Soft-Rock Songs». 31 May 2007. Arkivert frå originalen 2. februar 2010. Henta 26. august 2014.
- ↑ «Past Winners Search | GRAMMY.com». grammy.com. Henta 4 August 2011.
- ↑ Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 181.
- ↑ Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book Of Top 40 Country Hits: 1944-2006, Second edition. Record Research. s. 248.