I Just Don't Know What to Do with Myself

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
I Just Don't Know What to Do with Myself
Singel av Dusty Springfield
frå albumet Dusty
B-side «My Colouring Book»
Utgjeve 1964
Sjanger Pop
Lengd 3:01
Selskap Philips
Låtskrivar(ar) Burt Bacharach og Hal David
Produsent Johnny Franz
Dusty Springfield-kronologi
«All Cried Out»
(1964)
I Just Don't Know What to Do with Myself «Guess Who»
(1964)


I Just Don't Know What to Do with Myself
Singel av Dionne Warwick
frå albumet Here Where There Is Love
B-side «In Between the Heartaches»
Utgjeve 1966
Innspelt 1966
Sjanger Pop
Lengd 2:50
Selskap Scepter
Låtskrivar(ar) Burt Bacharach og Hal David
Produsent Burt Bacharach og Hal David
Dionne Warwick-kronologi
«Trains Boats and Planes»
(1966)
I Just Don't Know What to Do with Myself «The Beginning of Loneliness»/
«Another Night»
(1966)


I Just Don't Know What to Do with Myself
Singel av The White Stripes
frå albumet Elephant
Utgjeve September 2003
Innspelt April 2003
Sjanger Alternativ rock, garasjerock, bluesrock
Lengd 2:46
Selskap XL Recordings
Låtskrivar(ar) Burt Bacharach og Hal David
Produsent Jack White
The White Stripes-kronologi
«Seven Nation Army»
(2003)
I Just Don't Know What to Do with Myself «The Hardest Button to Button»
(2003)


«I Just Don't Know What to Do with Myself» er ein song skriven av Burt Bacharach og Hal David.

Originalversjon[endre | endre wikiteksten]

«I Just Don't Know What to Do With Myself» vart først spelt inn av Tommy Hunt i ei innspeling produsert av Jerry Leiber og Mike Stoller, med Burt Bacharach som arrangør og dirigent. Han vart gjeven ut som singelen Scepter 1236 (B-side «And I Never Knew») i mai 1962, men selde dårleg. Songen var tittelsporet på det einaste albumet Hunt gav ut på Scepter, i april 1963. Sommaren 1964 hadde Dusty Springfield suksess med sin versjon av «I Just Don't Know...» i Storbritannia, og dette førte til at Scepter gav ut originalen på ny, og denne gongen nådde han Bubbling Under Hot 100 Singles i Billboard med ein 119. plass. Det skulle vise seg at den første versjonen av denne songen ikkje vart spelt inn av Hunt, men av Chuck Jackson, òg i 1962. Jackson-versjonen vart skrinlagd og først gjeve ut på ei samleplate i 1984 kalla Mr. Emotion. I følgje teksten i omslaget til dette albumet vart vokalen til Tommy Hunt erstatta med Jackson sin, medan det originale akkompagnementet var det same.

Dusty Springfield[endre | endre wikiteksten]

Dusty Springfield spelte inn «I Just Don't Know What to Do with Myself» i ei innspeling i Olympic Studios i Westminster produsert av Philips Records-eigaren Johnny Franz - sjølv om Springfield seinare sa at ho produserte innspelinga sjølv. Innspelinga var arrangert av Ivor Raymonde som dirigerte orkesteret sitt. Andre medverkande på innspelinga var Big Jim Sullivan på gitar og Bobby Graham på trommer. Springfield, som hadde spelt inn Bacharach/David-songane «Anyone Who Had a Heart» og «Wishin' and Hopin'» som dei første innspelingane sine, henta attende «I Just Don't Know...» frå ei reise til New York City der ho møtte Bacharach i februar 1964.

Det var den tredje britiske singelen til Springfield og den første utgjevinga hennar med den særeigne vokalstilen hennar. Singelen nådde tredjeplassen sommaren 1964 og var den største hitten hennar fram til ho nådde toppen av den britiske singellista med «You Don't Have to Say You Love Me» i 1966. I USA kom singelen først ut i oktober 1965, men nådde ikkje salslista der.

Dionne Warwick[endre | endre wikiteksten]

Dionne Warwick spelte inn «I Just Don't Know What to Do with Myself» i Bell Sound Studios i august 1966 med Burt Bacharach som produsent. Songen kmo ut i september og vart ein moderat suksess med ein 26. plass på Hot 100 (20. plass på R&B-lista). Etter «Message to Michael» og «Trains and Boats and Planes» var Warwick sin «I Just Don't Know...» den tredje singelen hennar å rad med ein tidlegare innspelt Bacharach/David-song og det same var den neste singelen hennar, «Alfie». Tre av desse fire kom ut på albumet hennar Here Where There Is Love i 1967.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

I 2002 gav Smokey Robinson and the Miracles ut Away We a Go-Go med ein versjon av «I Just Don't Know What to Do with Myself».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Elvis Costello (13 October 2015). Unfaithful Music & Disappearing Ink. Viking. s. 505. ISBN 978-0241003466. 
  2. Lynn Hirschberg (31 August 2003). «The Coppola Smart Mob». http://www.nytimes.com/2003/08/31/magazine/31COPPOLA.html. Henta 16 February 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]