I Love You Because

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
I Love You Because
Singel av Leon Payne
B-side «A Link in the Chain of Broken Hearts»
Utgjeve 1949
Sjanger Country
Selskap Capitol
Låtskrivar(ar) Leon Payne
Leon Payne-kronologi
«Baby Boy»
(1948)
I Love You Because «My Daddy»
(1951)


«I Love You Because» er ein song frå 1949 skriven og spelt inn av Leon Payne. Songen har blitt spelt av mange artistar gjennom åra, mellom andre hitversjonar av Al Martino i 1963 og Jim Reeves i 1964.

Leon Payne-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Originalversjonen til Leon Payne frå 1949 nådde fjerdeplassen på Billboard Country & Western Best Seller-lista og låg to veker på toppen av Country & Western Disk Jockey List, totalt 32 veker på lista.[1] «I Love You Because» var den einaste songen til Payne som nådde couintrylista.

Al Martino-versjonen[endre | endre wikiteksten]

I Love You Because
Song av Al Martino
frå albumet I Love You Because
Utgjeve 1963
Selskap Capitol
Låtskrivar(ar) Leon Payne

I 1963 gav Al Martino ut den mest suksessrike versjonen av songen og nådde tredjeplassen på Billboard Hot 100-lista og nådde toppen av Middle-Road-lista (eller Easy Listening) for to veker i mai det året.[2]

Jim Reeves-versjonen[endre | endre wikiteksten]

I 1964 spelte den amerikanske countrysongaren Jim Reeves inn songen og nådde femteplassen i Storbritannia og heilt til topps i Noreg. I 1976 vart songen tittelsporet på eit posthumt album av Jim Reeves, som nådde 24. plassen på den amerikanske countrylista. Singelversjonen nådde 54. plassen i USA det året.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1964) Plassering
VG-lista i Noreg 1
Irish Singles Chart 1
UK Singles Chart 5

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book Of Top 40 Country Hits: 1944-2006, Second edition. Record Research. s. 265. 
  2. Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 159. 
  3. Roger Whittaker-Biography http://www.cmt.com/artists/az/whittaker_roger/bio.jhtml

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]