I Put a Spell on You

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
I Put a Spell on You
Singel av Screamin' Jay Hawkins
frå albumet At Home with Screamin' Jay Hawkins
Språk engelsk
Utgjeve 1956
Sjanger R&B, soul, blues
Lengd 2:25
Selskap OKeh (1957)
Komponist Screamin' Jay Hawkins
Tekstforfattar Screamin' Jay Hawkins
Låtskrivar(ar) Screamin' Jay Hawkins
Produsent Arnold Maxin

«I Put a Spell on You» er ein song frå 1956 skriven av Screamin' Jay Hawkins. Innspelinga hans vart vald ut av Rock and Roll Hall of Fame som ein av 500 songar som forma rock and roll. Han vart òg rangert på 313. plass av Rolling Stone på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.

Sjølv om Hawkins-versjone ikkje nådde nokre av listene, har fleire seinare versjonar gjort dette. Nina Simone si utgåve nådde 23. plass på R&B-lista i 1964, samt 49. plass i Storbritannia same året og 28. plass i 1969, då singelen vart gjeven ut på ny. Versjonen til The Alan Price Set nådde 9. plass i Storbritannia i 1966 og 80. plass på Billboard Hot 100 i USA. Creedence Clearwater Revival si utgåve nådde 58. plass i USA i 1968. I Storbritannia nådde Bryan Ferry si utgåve 18. plass i 1993, medan versjonen til Sonique nådde 36. plass i 1998 og 5. plass då singelen vart gjeven ut på ny i 2000.[1][2][3] Songen er òg spelt inn av mange andre artistar.

Originalutgåva[endre | endre wikiteksten]

Hawkins hadde opphavleg tenkt å spele inn «I Put a Spell on You» som ein fin kjærleikssong, ein bluesballad. Han sa derimot at «produsenten førte inn ribber og kylling og alle vart fulle, og me kom ut med denne rare versjonen[4] Eg hugsar ikkje ein gong innspelinga av songen. Før var eg berre ein normal bluessongar. Eg var berre Jay Hawkins. Alt fall liksom på plass. Eg fann ut at eg kunne gjere meir med å øydeleggje ein song og skrike han til døde.»

Somme kjelder hevdar at «I Put a Spell on You» vart gjeve ut før 1956 i ein rolegare form, men dette har ikkje vorte stadfesta.

«I Put a Spell on You» vart ein rask suksess, trass i at han vart bannlyst frå enkelt butikkar og radiostasjonar. Ein mjukare versjon, utan lydar som vart rekna som «kannibalistiske», nådde ikkje lista, men førte Hawkins i lag med Alan Freed og hans «Rock and Roll Review».

Fram til då hadde Hawkins vore ein bluesartist; full av kjensler, men ikkje vill. Freed foreslo eit kunstgrep for å dra fordel av den «vanvittige» stilen på «I Put a Spell on You». Hawkins gjekk med ei lang kappe og dukka opp på scenen stigande ut av ei kiste mellom røyk og tåke.[4]

Denne var ein sensasjon, som seinare vart vidare utarbeida for scenen med mellom anna hovudskallar. Den teatralske framføringa var ein av dei første sjokkrockframføringane, og grunnlaget for mykje av det som seinare kom i rock and roll, inkludert Dr. John, Alice Cooper, Eric Burdon, Screaming Lord Sutch, Warren Zevon, Arthur Brown, Black Sabbath, Ted Nugent, George Clinton, The Butthole Surfers, The Cramps og Marilyn Manson.

Shane MacGowan and Friends[endre | endre wikiteksten]

I Put a Spell on You
Singel av Shane MacGowan and Friends
frå albumet Helping Haiti
Språk engelsk
Utgjeve 8 mars 2010
Sjanger Rock and roll
Lengd 2:25
Komponist Screamin' Jay Hawkins
Tekstforfattar Screamin' Jay Hawkins
Låtskrivar(ar) Screamin' Jay Hawkins
Produsent Shane McGowan

Shane MacGowan, Nick Cave, Bobby Gillespie, Chrissie Hynde, Mick Jones og Johnny Depp på gitar slo seg saman og spelte inn ein versjon av «I Put A Spell On You» til støtte for Haiti etter jordskjelvet i 2010. Songen var berre tilgjengeleg via nedlasting frå nettet.[5][6]

Dei som spelte på songen var Vokal:
Shane MacGowan
Nick Cave
Bobby Gillespie
Glen Matlock
Chrissie Hynde
Paloma Faith
Eliza Doolittle
Laura White
Gitar:
James Walbourne
Mick Jones
Johnny Depp
Bass:
Cait O'Riordan
Hammondorgel/piano:
Carwyn Ellis
Trommer:
Rob Walbourne
Brannhydrant:
Mick Jones

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

I Put a Spell on You
Singel av Creedence Clearwater Revival
frå albumet Creedence Clearwater Revival
Språk engelsk
Utgjeve 1968
Sjanger Rootsrock, acidrock
Lengd 4:25
Selskap Fantasy Records
Komponist Screamin' Jay Hawkins
Tekstforfattar Screamin' Jay Hawkins
Låtskrivar(ar) Screamin' Jay Hawkins
Produsent Saul Zaentz
Creedence Clearwater Revival-kronologi 
«Suzie Q»
(1968)
I Put a Spell on You «Proud Mary»/«Born on the Bayou»
(1969)


I Put a Spell on You
Singel av Sonique
frå albumet Hear My Cry
Språk engelsk
Utgjeve 25. april 2001
Sjanger Pop
Lengd 3:33
Komponist Screamin' Jay Hawkins
Tekstforfattar Screamin' Jay Hawkins
Sonique-kronologi 
«Sky»
(2000)
I Put a Spell on You «Can't Make Up My Mind»
(2003)


«I Put a Spell on You» har vorte spelt inn av mange andre artistar, kanskje mest kjend av Nina Simone i 1965 på albumet I Put A Spell On You og av Bette Midler i filmen Hocus Pocus, men òg av artistar som

I 1966 nytta James Brown eit nesten identisk arrangement som originale for «It's a Man's Man's Man's World». I 1967 vart dette arrangementet nytta på ny for Frank Sinatra sin «The World We Knew (Over and Over)».

Han er òg vorte sampla av The Notorious B.I.G. («Kick In The Door»), The Beatnuts («Se Acabo»), LL Cool J («LL Cool J») og The Heavy («Sixteen»).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (2003). Top Pop Singles 1955-2002 (1st utg.). Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research Inc. ISBN 0-89820-155-1. 
  2. Whitburn, Joel (1996). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research. ISBN 0-89820-115-2. 
  3. Betts, Graham (2004). Complete UK Hit Singles 1952-2004 (1st utg.). London: Collins. ISBN 0-00-717931-6. 
  4. 4,0 4,1 Chris Morris (Feb 26, 2000), Legendary Screamin' Jay Hawkins Dies At 70, Billboard 
  5. http://www.prefixmag.com/media/shane-macgowan-and-friends/i-put-a-spell-on-you-haiti-charity-song-video/37970/
  6. http://www.mojo4music.com/blog/2010/03/watch_shane_macgowan_friends_i.html

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]