I Saw Three Ships

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
I Saw Three Ships
Illustrasjon til songen av Walter Crane frå 1877.

«I Saw Three Ships (Come Sailing In)» er ein tradisjonell og populær julesong frå England. Melodien er ein variant av «Greensleeves» og den tidlegaste trykte utgåva av «I Saw Three Ships» er frå 1600-talet, kanskje frå Derbyshire, og vart òg publisert av William Sandys i 1833.[1][2]

Teksten nemner tre skip som seglar til Betlehem, men det næraste vatnet til Betlehem er Daudehavet som ligg kring 30 km unna. Ein trur dei tre skipa som er nemnde kjem frå dei tre skipa som det vert hevda førte leivningane av dei heilage tre kongane til Kölnerdomen på 1100-talet.[2] Ein annan mogeleg referanse er til Wenceslaus II, konge av Böhmen, som bar eit våpenskjold med tre skip,[3] eller dei tre vismennene som vitja Jesusbarnet.

Ein versjon frå 1877, i ei bok illustrert av Walter Crane, nemner tre skip ein ser på nyårsdagen.[4]

Innsamlingar av songen[endre | endre wikiteksten]

Det er samla inn fleire ulike tradisjonelle versjonar av songen. Ein brukt mange ulike melodiar, noko som var vanleg med slike folkesongar. På 1910s-talet skreiv folkloristane Cecil Sharp[5] og Janet Blunt[6] melodi og tekst for fleire dusin ulike versjonar, hovudsakleg frå Sør-England.

Ein har også spelt inn fleire tradisjonelt overleverte versjonar. Den amerikanske folkemusikksamlaren James Madison Carpenter spelte inn fleire litt ulike engelske versjonar tidleg på 1930-talet, fleire av dei i Cornwall[7][8][9][10] og ein i Gloucestershire.[11] Dei er tilgjengelege online via Vaughan Williams Memorial Library. I 1956 spelte Peter Kennedy inn songen framført av ein mann kalla John Thomas i Camborne i Cornwall.[12]

Den kjende musikaren Jean Ritchie frå Appalachane blei spelt inn av Alan Lomax i 1949 då ho framførte ein tradisjonell versjon ho hadde frå slektningar, der forfedrane deira truleg hadde hatt med seg songen frå England. Denne er tilgjengeleg ved Alan Lomax archive.[13] Ritchie spelte seinare inn songen til albumet Carols of All Seasons (1959).[14] Sjølv om Jean Ritichie sin familieversjon er den einaste tradisjonelle amerikanske versjonen til å bli spelt inn, var songen kjend i USA i tidlegare tiår, særleg i sør.[15]

Medan dei samla inn folkesongar på Dei britiske øyane i 1952 møtte Jean Ritchie og mannen hennar George Pickow den irske songaren Elizabeth Cronin i Macroom i County Cork som song ein versjon kalla «The Bells of Heaven».[16]

Arrangement[endre | endre wikiteksten]

Eit arrangement av Martin Shaw finst i Oxford Book of Carols.[17] Carols for Choirs-serien inneheld eit arrangement av sir David Willcocks. Organisten Simon Preston og den tidlegare dirigenten for Choir of King's College, Cambridge, sir Philip Ledger, har òg skrive eit arrangement som koret framførte ved Nine Lessons and Carols-festivalen i nyare år. Denne songen er òg nytta i musikalen Caroline, or Change, men som eit kontrapunkt.

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Cecil James Sharp (2008) The Morris Book: With a Description of Dances as Performed by the Morris Men
  2. 2,0 2,1 Website describing the carol and giving secondary references
  3. Camden Roll, dated c.1280, entry 11 and Heralds' Roll, dated c.1280 entry 18.
  4. Crane, Walter (1877). The Baby's Opera: A Book of Old Rhymes with New Dresses. Frederick Warne & Co. s. 18–19. Henta 7. oktober 2010. 
  5. «Search: RN700 Cecil Sharp». Vaughan Williams Memorial Library. 
  6. «Search: RN700 Janet Blunt». Vaughan Williams Memorial Library. 
  7. «I Saw Three Ships Come Sailing (VWML Song Index SN16774)». The Vaughan Williams Memorial Library (på engelsk). Henta 15. desember 2020. 
  8. «I Sat on a Sunny Bank (VWML Song Index SN16758)». The Vaughan Williams Memorial Library (på engelsk). Henta 15. desember 2020. 
  9. «As I Sat on a Sunny Bank (VWML Song Index SN16728)». The Vaughan Williams Memorial Library (på engelsk). Henta 15. desember 2020. 
  10. «I Saw Three Ships Come Sailing (VWML Song Index SN16765)». The Vaughan Williams Memorial Library (på engelsk). Henta 15. desember 2020. 
  11. «I Saw Three Ships Come Sailing By (VWML Song Index SN16800)». The Vaughan Williams Memorial Library (på engelsk). Henta 15. desember 2020. 
  12. «I Saw Three Ships Come Sailing in (Roud Folksong Index S178912)». The Vaughan Williams Memorial Library (på engelsk). Henta 15. desember 2020. 
  13. «Alan Lomax Archive». research.culturalequity.org. Arkivert frå originalen 21. mars 2021. Henta 15. desember 2020. 
  14. «I Saw Three Ships (Roud Folksong Index S304348)». The Vaughan Williams Memorial Library (på engelsk). Henta 15. desember 2020. 
  15. «Search: RN700 USA». Vaughan Williams Memorial Library. 
  16. «The Bells of Heaven (Roud Folksong Index S228692)». The Vaughan Williams Memorial Library (på engelsk). Henta 18. februar 2021. 
  17. The Oxford Book of Carols (1928) p.36.
  18. Connolly, Dave. «Jon Anderson: Three Ships: AllMusic Review». AllMusic. Henta 19 November 2016. 
  19. «The Christmas Album». Amazon.com. 2000. Henta 24. desember 2016. 
  20. Katrina Rees, "ALBUM REVIEW: Lindsey Stirling – ‘Warmer In The Winter’,", CelebMix, October 19, 2017

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]