I See the Rain

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
I See the Rain
Singel av The Marmalade
frå albumet There’s A Lot Of It About
B-side Laughing Man
Utgjeve 25. august 1967
Studio CBS Studio i London
Sjanger Rock
Lengd 4:05
Selskap CBS Records
Låtskrivar(ar) Junior Campbell, Dean Ford
Produsent Mike Smith
The Marmalade-kronologi
«Can’t Stop Now»
(1966)
I See the Rain «Man in a Shop»
(1967)


«I See the Rain» er ein song frå 1967 av The Marmalade, skriven av sologitaristen William Junior Campbell og vokalisten Dean Ford.[1]

Dette var den tredje singelen deira for CBS Records etter at dei i 1966 endra namn frå Dean Ford and the Gaylords og byta selskap frå Columbia (EMI) til CBS. Singelen kom ut eitt år før den første suksessen deira i Storrbritannia, «Lovin' Things». Den sjølvskrivne innspelinga vart hylla av Jimi Hendrix som «den beste innspelinga i 1967»[2]

Singelen gjekk til topps i Nederland det same året. Graham Nash frå The Hollies bidrog til innspelinga, men singelen gjekk ikkje inn på lista i Storbritannia. Songen, som har ein typisk psykedelisk stil frå midten av 1960-åra, har sidan blitt ein kultklassikar og har blitt covra av artistar som Susanna Hoffs frå The Bangles og Matthew Sweet.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «I See the Rain - Marmalade - Song Info». AllMusic. Henta 4. august 2019. 
  2. «Marmalade - Biography & History». AllMusic. Henta 4. august 2019. 
  3. «Under the Covers, Vol. 1 - Susanna Hoffs, Matthew Sweet - Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 4. august 2019.