I Shot the Sheriff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
I Shot The Sheriff
Studioalbum av The Wailers
frå albumet Burnin'
Språk engelsk
Utgjeve 1973
Innspelt Harry J. Studios, Kingston i Jamaica, april 1973
Sjanger Reggae
Lengd 4:41
Selskap Tuff Gong, Island
Tekstforfattar Bob Marley
Låtskrivar(ar) Bob Marley
Produsent Chris Blackwell og The Wailers
I Shot the Sheriff
Singel av Eric Clapton
frå albumet 461 Ocean Boulevard
Språk engelsk
Utgjeve Juli 1974
Innspelt April–mai 1974 i Criteria Recording Studios, Miami i Florida
Sjanger Reggae
Lengd 4:41
Selskap RSO
Tekstforfattar Bob Marley
Låtskrivar(ar) Bob Marley
Produsent Tom Dowd

«I Shot the Sheriff» er ein song skriven av Bob Marley, fortalt frå synspunktet til ein mann som innrømmer å ha teke livet av den lokale sheriffen, men han hevdar at han er feilaktig skulda for å ha teke livet av assistenten hans. Songen vart først gjeven ut på The Wailers-albumet Burnin' i 1973.

Eric Clapton spelte inn ein versjon av songen for albumet 461 Ocean Boulevard i 1974. Dette er den mest suksessrike versjonen av songen og singelen nådde førsteplassen på den amerikanske singellista. Dette var einaste gongen Clapton nådde førsteplassen i USA. Songen gjekk òg til topps i Canada og New Zealand, medan han i Noreg nådde tredjeplassen og i Storbritannia niandeplass.

«Eg ønskte å seie 'I shot The Police', men styresmaktene ville ha laga bråk då, så eg sa 'I shot the sheriff' i staden for... men ideen er den same: rettferd.» — Bob Marley[1]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • EPMD nyttar ein sample frå Clapton-versjonen av songen på «Strictly Business» frå 1988.
  • På debutalbumet til Mary J. Blige (What's the 411?) seier Grand Puba «I shot the sheriff AND the motherfuckin' deputy» på tittelsporet.
  • I 1995 song den svenske gruppa Just D songen med ein svensk tekst, Jag sköt sheriffen, på samlealbumet Just D:s Gyldene.[2] och på singel.[3]
  • I 1997 spelte rapparen og produsenten Warren G songen for albumet Take a Look over Your Shoulder (Reality). Denne versjonen nådde 20. plass på lista i USA og førsteplassen på New Zealand.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. I Shot the Sheriff, arkivert frå originalen 10. desember 2005, henta 10. desember 2005 
  2. «Svensk mediedatabas». Henta 12. mars 2012. 
  3. «Svensk mediedatabas». Henta 12. mars 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]