I Should Be So Lucky

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
I Should Be So Lucky
Singel av Kylie Minogue
frå albumet Kylie
B-side

«I Should Be So Lucky» (Instrumantal)

Utgjeve 29. desember 1987 (Australia)
1. januar 1988 (Storbritannia)
Innspelt 1987
Sjanger Dansepop
Lengd 3:24
Selskap PWL, Mushroom Records
Låtskrivar(ar) Stock Aitken Waterman
Produsent Stock Aitken Waterman
Kylie Minogue-kronologi 
«The Loco-Motion»
(1987)
I Should Be So Lucky «Got to Be Certain»
(1988)


«I Should Be So Lucky» er ein dansepopsong av den australske songaren Kylie Minogue. Songen vart skriven og produsert av Stock Aitken Waterman for debutalbumet til Minogue, Kylie (1988). Songen kom ut som andre singelen frå albumet. Han vart ein kommersiell suksess og nådde Topp 10 på dei fleste listene han var inne på, og nådde førsteplassen i Storbritannia og Australia.

Informasjon[endre | endre wikiteksten]

Etter suksessen med singelen «The Loco-Motion» i Australia reiste Minogue til London for å arbeide med britiske låtskrivarar og produsentane Stock, Aitken og Waterman. Dei skreiv songen «I Should Be So Lucky». Songen har instrumentering for keyboard og gitar.

«I Should Be So Lucky» nådde nummer 90 på UK Singles Chart den 9. januar 1988 og steig etterkvart til førsteplassen, der han vart verande i fem veker. Han vart den tredje mest selde singelen i året med over 672 000 selde. I Noreg nådde songen førsteplassen på singellista og vart den bestseljande singelen i landet i 1988. Songen nådde òg førsteplass i Finland, Tyskland, Israel og Japan.

I USA nådde songen nummer 28 på Billboard Hot 100, og i Canada nådde songen nummer 25 på singellista. I Sverige selde singelen over 20 700 eksemplar, og i Frankrike 249 000 eksemplar.

Format og sporliste[endre | endre wikiteksten]

12" single (Europa)
  1. «I Should Be So Lucky» – 3:24
  2. «I Should Be So Lucky» (Instrumental) – 3:24
12" single (Nord-Amerika)
  1. «I Should Be So Lucky» (Extended Mix) – 6:08
  2. «I Should Be So Lucky» (Bicentennial Mix) – 6:12
  3. «I Should Be So Lucky» (Instrumental) – 3:24
CD single (Asia)
  1. «I Should Be So Lucky» (Extended Mix) – 6:08
  2. «Got to Be Certain» (Extended Mix) – 6:36

Topplisteplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Land Listeplassering
Australia (ARIA Charts) 1
Austerrike (Ö3 Austria Top 75) 4
Belgia (VRT Top 30) 8
Frankrike (SNEP) 4
Tyskland (Media Control Charts) 1
Hongkong (IFPI) 1
Irland (Irish Singles Chart) 1
Japan (Oricon) 1
Nederland (Dutch Top 40) 12
New Zealand (RIANZ) 3
Noreg (VG-lista) 5
Sverige (Sverigetopplistan) 13
Sveits (Schweizer Hitparade) 1
Storbritannia (UK Singles Chart) 1
USA (Billboard Hot 100)[1] 28
USA (Hot Dance Club Songs)[1] 10

Sertifisering[endre | endre wikiteksten]

Land Sertifisering
Australia (ARIA) Platina
Frankrike (SNEP) Sylv[2]
Tyskland (IFPI) Gull[3]
Storbritannia (BPI) Gull[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Kylie Minogue > Charts & Awards > Billboard Singles». Allmusic. Henta 11. april 2010. 
  2. «Les Certifications (Singles) du SNEP (Bilan par Artiste)». SNEP. Henta 12. mart 2011. 
  3. «Gold/Platin Datenbank». International Federation of the Phonographic Industry. Henta 12. mart 2011. 
  4. «Certified Awards - Searchable Database». British Phonographic Industry. Henta 12. mart 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]