I Wanna Be Your Dog

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
I Wanna Be Your Dog
Singel av The Stooges
frå albumet The Stooges
B-side «1969»
Utgjeve Juli 1969
Innspelt
Sjanger
Lengd 3:09
Selskap Elektra
Låtskrivar(ar)
Produsent John Cale
The Stooges-kronologi
«1969»
(1969)
I Wanna Be Your Dog «Down on the Street»
(1970)


«I Wanna Be Your Dog» er ein song frå 1969 av det amerikanske rockebandet The Stooges. Songen vart gjeven ut på debutalbumet deira. Det minneverdige riffet, som berre består av tre akkordar (G, F♯ og E), går om att og om att gjennom songen (bortsett frå eit firetakts mellomspel) Med den kraftig forvrengde gitaren, hamrande, enkle pianotonar spelt av produsenten John Cale og ein jamn, drivande rytme, vart The Stooges eit særs tidleg døme på heavy metal og punk-stilen.[4] Teksten har vorte skildra for å ha framkalla kjensla av sleipheit og avsky for seg sjølv, eit monument til kjensla av keisemd og framandgjering i det arbeidarprega og industrielle Michigan seint i 1960-åra. Denne skrivemåten vart mykje nytta seinare av Sex Pistols og Public Image Limited.[5] I 2004 vart songen rangert på 438. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.[6]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen er spelt inn av mange andre artistar, som Nirvana, Misfits, Slayer, GG Allin, Frankenstein Drag Queens From Planet 13, Joan Jett and the Blackhearts, Vicious White Kids, Red Hot Chili Peppers, Sonic Youth, Cage the Elephant, Mission of Burma, Chris Whitley, Swans, Uncle Tupelo, Alejandro Escovedo, Emilie Simon, Styles of Beyond, Forgotten Tomb, The House of Love, Breathing Fire, Ida Marie, Stereophonics, Las Ultrasónicas, Pat MacDonald, David Bowie, The White Stripes, Mephisto Walz, Atari Teenage Riot og mange fleire.

Slayer spelte ein parodiversjon av songen kalla «I'm Gonna Be Your God» for albumet Undisputed Attitude.

I 2007 framførte R.E.M. songen i lag med Patti Smith då dei vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.

Populærkultur[endre | endre wikiteksten]

Songen er vorte nytta i filmane Lock, Stock and To Smoking Barrels, Transporter 3, Friday Night Lights, The Crow: City of Angels (der Iggy Pop spelte rolla for Curve), Crimson Rivers II: Angels of the Apocalypse, skateboardvideoen av Flip kalla «Sorry», ein episode av fjernsynsserien Skins (Episode 2.9: «Cassie»), ein episode av komiserien How I Met Your Mother (Episode 2.16: «Stuff»), The Runaways og i filmen Sid and Nancy.

Han er òg vorte nytta i videospela Vietcong og Grand Theft Auto IV.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Stiernberg, Bonnie. «The 50 Best Garage Rock Songs of All Time». Paste. Henta 15. mai 2016. 
  2. Martin Charles Strong; Brendon Griffin (2008). Lights, camera, sound tracks. Canongate. s. 269. ISBN 978-1-84767-003-8. Henta 6. oktober 2015. 
  3. Britannica Educational Publishing (1. desember 2012). Disco, Punk, New Wave, Heavy Metal, and More: Music in the 1970s and 1980s. Britannica Educational Publishing. s. 171. ISBN 978-1-61530-912-2. Henta 6. oktober 2015. 
  4. Trynka, Paul (2007). Iggy Pop: open up and bleed. New York: Broadway Books. s. 95. ISBN 0-7679-2319-7. 
  5. Friskics-Warren, Bill (2006). I'll Take You There: Pop Music And the Urge for Transcendence. London: Continuum. s. 118, 119. ISBN 0-8264-1921-6. 
  6. http://www.rollingstone.com/news/coverstory/500songs/page/5