I Want You

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
I Want You
Singel av Bob Dylan
frå albumet Blonde on Blonde
B-side

«Just Like Tom Thumb's Blues» (konsertutgåve)

Språk engelsk
Utgjeve juni 1966
Innspelt 10. mars 1966
Sjanger Folkrock
Lengd 3:07
Selskap Columbia
Komponist Bob Dylan
Tekstforfattar Bob Dylan
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Bob Johnston
Bob Dylan-kronologi 
«Rainy Day Women #12 & 35»
(1966)
I Want You «Just Like a Woman»
(1966)


«I Want You» er ein song av Bob Dylan på albumet Blonde on Blonde frå 1966. Han vart òg gjeven ut som singel i lag med ei konsertutgåve av «Just Like Tom Thumb's Blues» i juni same året. Singelen nådde 20. plass i USA og 16. plass i Storbritannia.

Det har vorte hevda at songen er om Anita Pallenberg, som då var kjæraste med Brian Jones frå The Rolling Stones.

Songen vart spelt inn tidleg på morgonen den 10. mars 1966 og var den siste songen Dylan spelte inn for Blonde on Blonde.[1] Han kom ut på singel i juni det året, kort tid før albumet kom ut.

Det vart spelt inn tre komplette opptak av «I Want You», der det siste opptaket, med gitar lagt oppå, vart masterversjonen. Heile innspelinga vart gjeven ut på den 18-plater store samlarutgåva av The Bootleg Series Vol. 12: The Cutting Edge 1965–1966 i 2015, og det nest siste opptaket vart òg gjeven ut på seksplatersutgåva og dobbeltutgåva av dette albumet.[2]

Dylan framførte «I Want You» som ein langsam ballade på verdsturneen sin i 1978, som ein kan høyre på Bob Dylan at Budokan, som kom i 1979. Dylan spelte òg songen på turné med Grateful Dead. Versjonen deira finst på Dylan and the Dead frå 1989.

B-sida til singelen var eit konsertopptak av «Just Like Tom Thumb's Blues» spelt inn i Liverpool i England ved Odeon Theatre den 14. mai 1966.

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Andre som har spelt songen er mellom andre Sophie B. Hawkins, Bruce Springsteen, Les Fradkin, Arjen Anthony Lucassen, Ralph McTell, James Blunt og Cher.

Norske versjonar[endre | endre wikiteksten]

Det er skrive to norske tekstar til songen. Håvard Rem skreiv ein tekst kalla «Æ vil ha dæ» som vart spelt inn av Åge Aleksandersen for albumet Fredløs - Dylan på norsk i 1997. Tom Roger Aadland skreiv ein nynorsk tekst kalla «Eg må ha deg» for albumet Blondt i blondt i 2016.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  1. Heylin 2009, s. 311–312.
  2. «Bob Dylan - The Cutting Edge 1965-1966: The Bootleg Series Vol. 12». Arkivert frå originalen 7. februar 2016. Henta 29. november 2015.