I Want You (She’s So Heavy)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå I Want You (She's So Heavy))
I Want You (She's So Heavy)
Song av The Beatles
frå albumet Abbey Road
Utgjeve 26. september 1969
Innspelt 22. februar–11. august 1969,
EMI og Trident Studios, London
Sjanger
Lengd 7:47
Selskap Apple
Komponist John Lennon, Paul McCartney
Tekstforfattar John Lennon, Paul McCartney
Låtskrivar(ar) Lennon–McCartney
Produsent George Martin

«I Want You (She's So Heavy)» er ein song av The Beatles på albumet Abbey Road frå 1969. Han er skriven av John Lennon med bidrag frå kona hans, Yoko Ono. Truleg handlar songen om henne.

Songen er ein sjeldan Beatles-komposisjon av fleire årsaker. Lengda er nesten åtte minutt, teksten er minimalistisk samanlikna med lengda (berre elleve forskjellige ord), ei tre minuttar lang avslutting med dei same gitarakkordane om att og om att, songen heller mot sjangeren heavy metal og songen endar særdeles brått. Songen sluttar faktisk utan noko som helst form for avslutting eller nedtoning av volumet og det som Allmusic omtalar som «øyredøyvande stillheit»[4]

Alan Parsons, som var lydteknikar på opptaka forklarte den uvanlege avsluttinga: «Vi jobba med dei siste grepa på denne sida av av LPen og vi sat og lytta til miksinga då John sa; 'Der! Kutt lydbandet der!' Geoff (Emerick, ein av dei faste teknikarane til Beatles) kutta bandet og det var det. Slutt på side ein!»

Lennon nytta ein Moog synthesizer med kvit støy-generator til å skape den stigande og søkkande vindeffekten ein høyrer dei siste tre minutta (frå om lag 5:10). Denne støyen var til stor uro for lydfolka i EMI i 1987 då Abbey Road vart digitalisert. På vinyl var støyen innanfor toleransegrensene, men innanfor CD-teknologien si emne til å gjengi større skilnader i lydstyrke, vart han til eit stort problem.

George Harrison spelte elektrisk gitar på utgåva til Alvin Lee av denne Beatles-songen. Det er den hardaste rockesongen Harrison har medverka på.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

(Personell per Ian MacDonald)[6]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Andre kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Moon, Tom (2008). 1,000 Recordings to Hear Before You Die. s. 62. «the most convincing exploration of blues and progressive rock the Beatles ever attempted, «I Want You (She's So Heavy)»» 
  2. Perone, James E. (2012). The Album: A Guide to Pop Music's Most Provocative, Influential, and Important Creations. Praeger. s. 213. ISBN 978-0-313-37907-9. 
  3. Sander, Ellen (25. oktober 1969). «The Beatles: «Abbey Road»». Saturday Review 52: 69. ISSN 0036-4983. 
  4. «I Want You (She's So Heavy)». Allmusic. 
  5. «59 – 'I Want You (She's So Heavy)' -». 100 Greatest Beatles Songs. Rolling Stone. Arkivert frå originalen 21. september 2017. Henta 17. mars 2018. 
  6. MacDonald 2005, s. 342.