I Want to Take You Higher

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
I Want to Take You Higher
Singel av Sly and the Family Stone
frå albumet Stand!
Utgjeve 1969
Innspelt 1969
Sjanger Psykedelisk soul, funk
Lengd 5:23
Selskap Epic 5-10450
Låtskrivar(ar) Sly Stone
Produsent Sly Stone
Sly and the Family Stone-kronologi 
«Everyday People»/"Sing a Simple Song»
(1968)
I Want to Take You Higher «Hot Fun in the Summertime»
(1969)


I Want to Take You Higher
Singel av Ike & Tina Turner
frå albumet Come Together
Utgjeve 1970
Sjanger psykedelisk soul
Låtskrivar(ar) Sly Stone

«I Want to Take You Higher» er ein song av soul/rock/funkbandet Sly and the Family Stone, gjeven ut som B-sida til hitten deira «Stand!». I motsetnad til dei fleste andre songane på albumet Stand! har ikkje «I Want to Take You Higher» ei tydeleg melding, men er berre tileigna musikken og kjensla ein får frå musikken. Som nesten alle Sly & the Family Stone-songane, var Sylvester «Sly Stone» Stewart den einaste låtskrivaren på songen.[1]

Om songen[endre | endre wikiteksten]

«I Want to Take You Higher» opnar med eit bluesaktig gitarriff spelt av Freddie Stone. Songen, som er ein av dei mest livlege av alle songane til Family Stone, er ei slags nyinnspeling av Dance to the Music frå 1968. «Higher» har røtene sine i «Advice», ein song Sly Stone skreiv saman med og arrangerte for Billy Preston på albumet The Wildest Organ In Town i 1966.

«Higher» vart framført av bandet på Woodstock i lag med «Dance to the Music» og «Music Lover». Sly Stone brukte denne songen under eit minneverdig mellomspel då han fekk heile Woodstock-publikummet tilå synge med på «higher» klokka tre om natta.

Sjølv om songen vart gjeven ut som ei B-side, nådde «I Want to Take You Higher» Topp 40 i USA på eiga hand i 1970. Same året spelte Ike & Tina Turner inn songen og fekk òg ein hit med songen.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Sly & the Family Stone framførte ein medley med «Dance to the Music» og «I Want to Take You Higher» på Soul Train den 29. juni 1974.[2]

Songen vart mykje nytta i det klassiske kanadiske barne-TV-showet Hilarious House of Frightenstein.

Frå 10. mai 1997 til 28. februar 1998 presenterte Rock and Roll Hall of Fame and Museum den første utstillinga si kalla I Want to Take You Higher: The Psychedelic Era 1965-1969,[3] i høve 30-årsjubileet til Summer of Love.

I mars 2005 plasserte magasinet Q «I Want to Take You Higher» på 84. plassen på lista si over dei 100 beste gitarsongane gjennom tidene.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Utanom den kjende versjonen av Ike & Tina Turner, spelte det australske rockebandet Noiseworks inn songen som 'Take You Higher' med Michael Hutchence frå INXS i 1992. Han vart gjeven ut på det tredje albumet deira, Love Versus Money, og gav han ut på singel i Australia.

Marcella Detroit spelte inn songen som B-sida til singelen «I Believe», og seinare gjeve ut på albumet Jewel.

Duran Duran spelte inn to versjonar av songen i 1995 for coveralbumet Thank You.

The Jackson 5 spelte songen på fjernsynsshowet Goin' Back to Indiana.

Sonia Dada spelte 'I Want To Take You Higher' i 1999 på konsertalbumet Lay Down and Love it Live. Han vart òg gjeven ut på singel.

Tesla spelte inn ein versjon av songen for Real to Reel (2007).

Randy Hansen spelte inn songen i 1980 for albumet med same namn.

Gitarriffet frå originalversjonen vart sampla for «Woodstock Hood Hop» av Slaughterhouse med M.O.P. i 2009.

Hanson spelte songen på EP-en Roots & Rock 'N' Roll i 2015.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Henke, James; Charles Perry; Barry Miles (1997). I Want to Take You Higher. San Francisco: Chronicle Books. ISBN 0-8118-1700-8. 
  2. The Best of Soul Train Live (booklet). Time Life. 2011. 
  3. I Want to Take You Higher: The Psychedelic Era 1965-1969 Arkivert 2010-12-30 ved Wayback Machine., Rock and Roll Hall of Fame and Museum website.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]