I Will Always Love You

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
I Will Always Love You
Singel av Dolly Parton
frå albumet Jolene
B-side «Lonely Comin' Down»
Utgjeve 11. mars 1974
Innspelt 1973
Studio RCA Studio B (Nashville)
Sjanger Country
Lengd 2:53
Selskap RCA Nashville
Låtskrivar(ar) Dolly Parton
Produsent Bob Ferguson
Dolly Parton-kronologi
«Jolene»
(1973)
I Will Always Love You «Love Is Like a Butterfly»
(1974)


«I Will Always Love You» er ein song skriven og opphavleg spelt inn i 1973 av den amerikanske countrysongaren Dolly Parton.[1] Countryversjonen hennar kom ut på singel i 1974og var skriven som eit farvell til den tidlegare partnaren og mentoren hennar i sju år, Porter Wagoner, etter at Parton valde å forlate The Porter Wagoner Show og satse på ein solokarriere.[1][2]

Parton si utgåve av «I Will Always Love You» vart ein suksess og han gjekk til topps på Billboard Hot Country Songs-lista to gonger. Den første gongen var i juni 1974, og den andre var i oktober 1982 etter ei nyinnspeling for filmen The Best Little Whorehouse in Texas. Ho nådde dermed toppen av lista to gonger med same songen, noko som ebrre Chubby Checker hadde gjort tidlegare med «The Twist» i 1960 og igjen i 1962.

Whitney Houston spelte inn hennar versjon av songen i 1992 for filmen The Bodyguard. Singelen hennar låg 14 veker på toppen av Billboard Hot 100-lista, som då var ny rekord, og er ein av dei bestseljande singlane nokon gong.[3] Det held rekord for å vere den bestseljande singelen av ei kvinne i musikkhistoria.[4] Houston-utgåva av «I Will Always Love You» gjekk inn att på lista i 2012 etter ho døydde, og vart den andre singelen nokon gong som nådde topp 3 på Billboard Hot 100 i to forskjellige periodar.[5] Songen har blitt spelt av mange andre artistar, som Linda Ronstadt,[6] John Doe,[7] Amber Riley, LeAnn Rimes[8] og Sarah Washington, i ein dance-versjon som nådde 12. plassen på UK Singles Chart.

Bakgrunn og komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Countrysongaren Dolly Parton skreiv songen i 1973 for den tidlegare partnaren og mentoren Porter Wagoner, som ho hadde arbeidd med i sju år, før ho no skulle satse på sin eigen solokarriere.[9][10] Ho spelte inn songen i RCA Studio B i Nashville den 12. juni 1973.[11] «I Will Always Love You» kom ut på singel 18. mars 1974, som den andre singelen frå det trettande soloalbumet hennar, Jolene (1974). I 1982 spelte Parton inn songen på nytt for filmen The Best Little Whorehouse in Texas.[12] I tillegg ti 1982-innspelinga for filmen, vart den originale 1974-innspelinga til Parton nytta i Martin Scorsese-filmen Alice Doesn't Live Here Anymore, og filmen It's My Party i 1996. Songen vann Parton prisen for årets kvinnelege vokalist i 1975 under CMA Awards.

Forfattaren Curtis W. Ellison skreiv at songen «snakkar om slutten av eit forhold mellom ein mann og ei kvinne som ikkje endar i urokkeleg uro i heimen, men der det i staden skjer med respekt - på grunn av initiativet til kvinna».[13] I følgje notearket publisert på musicnotes.com av Hal Leonard Corporation, er countryballaden i 4/4-takt med eit tempo på 66 taktar per minutt (Larghetto/Adagio)[14] Sjølv om Parton fann mykje suksess med songen, er det mange som ikkje er klar over opphavet. Under eit intervju sa manageren til Parton, Danny Nozel at «ein ting me fann ut frå American Idol er at folk flest ikkje veit at Dolly Parton skreiv songen».[15] Under eit intervju på The Bobby Bones Show, sa Dolly Parton at ho skreiv signatursongen «Jolene» same dagen som ho skreiv «I Will Always Love You.»[16][17]

Fleire gonger (lenge før Whitney Houston spelte inn songen), føreslo Dolly Parton for songaren Patti Labelle at ho skulle spele inn «I Will Always Love You» fordi ho meinte at Labelle kunne syngje han bra. Men Labelle innrømde at ho utsette sjansen til å gjere dette og angra djup seinare når ho høyrde Whitney Houston-utgåva.[18]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Den originale utgåva i 1974 nådde fjerdeplassen i Canada på den kanadiske countrylista og toppen av den amerikanske Billboard Hot Country Songs-lista, der det vart ein av dei bestseljande singlane i 1974.[19]

Då Parton spelte inn songen på ny 1982 for filmen The Best Little Whorehouse in Texas, vart den nye versjonen gjeve ut på singel på ny og nok ein gong gjekk han til topps på Hot Country Songs-lista - den første gongen ein artist gjekk til topps to gonger med same song.[13] 1982-versjonen nådde òg 53. plassen på Billboard Hot 100 og 17. plassen på adult contemporary-lista.

Parton spelte ein duett med Vince Gill i 1995 for albumet Something Special, og duettversjonen av «I Will Always Love You» gjekk òg inn på Billboard country-lista og nådde 15. plassen. Parton og Gill fekk CMA-prisen for beste vokalhending i 1996 for songen.[20] Ein annan duettversjon kom ut i 2017 med Michael Bolton på albumet hans Songs of Cinema.

Då 1974-innspelinga av songen nådde toppen av countrylista, indikerte Elvis Presley at han ønskte å spele inn songen. Parton var interessert fram til manageren til Presley, Colonel Tom Parker, sa at det var standard prosedyre for låtskrivaren å signere over halvparten av forlagsrettane av songane som Elvis spelte inn.[21] Parton nekta. Ho fortalte: «Eg sa, 'Eg er verkeleg lei meg' og eg gret heile natta. Det var som om det verste som kunne skjedd. Det var som 'herregud ... Elvis Presley.' Og andre sa 'Du er sprø. Det er Elvis Presley.' Og eg sa 'eg kan ikkje gjere det'. Noko i hjartet mitt sa 'Ikkje gjer det'. Og eg valde å takke nei. Han kunne ha spelt ein kanonbra versjon. Men han gjorde altså ikkje det. Så då Whitney kom ut med sin versjon, tente eg nok pengar til å kjøpe Graceland[22]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

  1. «I Will Always Love You» – 2:53
  2. «Lonely Comin' Down» – 3:09

Medverkande[endre | endre wikiteksten]


Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1974) Plassering
Canada Country Tracks (RPM)[23] 4
US Hot Country Songs (Billboard)[20] 1

1982-versjonen[endre | endre wikiteksten]

I Will Always Love You
Singel av Dolly Parton
frå albumet The Best Little Whorehouse in Texas
A-side «Do I Ever Cross Your Mind»
Utgjeve 12. juli 1982
Innspelt Kring februar 1982
Studio RCA Studio B (Nashville)
Sjanger Country
Lengd 2:53
Selskap RCA Nashville
Låtskrivar(ar) Dolly Parton
Produsent
  • Dolly Parton
  • Gregg Perry
Dolly Parton-kronologi
«Heartbreak Express»
(1982)
I Will Always Love You «Hard Candy Christmas»
(1982)


Parton spelte inn songen i 1982 for The Best Little Whorehouse in Texas. Han kom ut 12. juli 1982 som den første singelen frå filmusikkalbumet, og gjekk nok ein gong til topps på Billboard Hot Country Singles-lista. Berre Chubby Checkerhadde tidlegare klar å nå toppen av ei Billboard-liste to gonger med same song, då han gjorde det med «The Twist» som nådde toppen av lista i 1960 og igjen i 1962.

Billboard gav ei positiv melding av songen og skreiv: «Den første singelen frå The Best Little Whorehouse in Texas er ikkje den typiske kjenningsmelodien som vanlegvis lanserer ein stor filmmusikal. Her gjentolkar Parton ein av dei tidlegare popsongane sine, og medan eldre fans er delte over den meir luftige, meir stiliserte versjonen ho kjem med her, er songen i seg sjølv framleis ein herleg ballade med eit høgflygande refreng.»[24]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1982) Plassering
Australia (Kent Music Report)[25] 72
Canada Top Singles (RPM)[23] 8
Canada Adult Contemporary (RPM)[26] 1
Canada Country Tracks (RPM)[23] 1
US Billboard Hot 100[27] 53
US Adult Contemporary (Billboard)[28] 17
US Hot Country Songs (Billboard)[20] 1

1995-versjonen[endre | endre wikiteksten]

I Will Always Love You
Singel av Dolly Parton
frå albumet Something Special
B-side «Speakin' of the Devil»
Utgjeve November 1995
Innspelt 1995
Sjanger Country
Lengd 3:17
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Dolly Parton
Produsent
Dolly Parton-kronologi
«When You Tell Me That You Love Me»
(1994)
I Will Always Love You «Just When I Needed You Most»
(1996)


Parton spelte inn «I Will Always Love You» i 1995 som ein duett med Vince Gill for albumet hennar, Something Special. Etter ei framføring den 26. august i Grand Ole Opry som gjekk på lufta på TNN, byrja radiostasjonar å spele versjonen, som så gjekk inn på 53. plassen på Billboard Hot Country Singles & Tracks-lista. Etter ei framføring på CMA Awards, vart songen offisielt gjeven ut på singel i november 1995 og han klatra til 15. plassen på lista. Dette var tredje gongen Parton hadde nådd topp 20 med songen. Songen vart nominert til Grammyprisen for beste countrysamarbeid med vokal og vart kåra til årets vokalhending under CMA Awards.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Assa Dormi – konsertmeister
  • Paul Franklin – steelgitar
  • Vince Gill – duettvokal
  • Owen Hale – trommer
  • David Hungate – bass
  • Brent Mason – gitar
  • Terry McMillan – perkusjon
  • Dale Oehler – strykearrangement, dirigent
  • Dolly Parton – solovokal
  • Matt Rollings – piano
  • Brent Rowan – gitar

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1995) Plassering
Canada Country Tracks (RPM)[23] 22
US Hot Country Singles & Tracks (Billboard)[20] 15

Whitney Houston-versjonen[endre | endre wikiteksten]

I Will Always Love You
Singel av Whitney Houston
frå albumet The Bodyguard: Original Soundtrack Album
B-side *«Jesus Loves Me» (alle singlar)
  • «Do You Hear What I Hear?» (12" & CD-singel)
Utgjeve 6. november 1992
Innspelt 22. april 1992
Sjanger
Lengd 4:31
Selskap Arista
Låtskrivar(ar) Dolly Parton
Produsent David Foster
Whitney Houston-kronologi
«We Didn't Know»
(1992)
I Will Always Love You «I'm Every Woman»
(1993)


I 1992 spelte den amerikanske songaren Whitney Houston inn ein ny versjon av «I Will Always Love You» for musikken til The Bodyguard, som var filmdebuten hennar. Songen har ein saksofonsolo spelt av Kirk Whalum. Ho skulle eigentleg spele inn Jimmy Ruffin sin «What Becomes of the Brokenhearted» som den første singelen frå The Bodyguard. Men då det vart kjend at songen skulle nyttast i Fried Green Tomatoes, bad Houston om ein annan song. Det var medskodespelaren hennar Kevin Costner som føreslo «I Will Always Love You», og spelte versjonen til Linda Ronstadt frå 1975 frå albumet Prisoner in Disguise.[32][33] Produsenten David Foster og Houston omarrangerte songen som ein soulballade.[30] Selskapet hennar meinte at ein song med ein acappella introduksjon ikkje kom til å bli ein suksess. Men Houston og Costner insisterte på å gjere det slik. Då Parton høyrde at Houston brukte innspelinga til Ronstadt som mal, ringde ho til Foster for å gje han det siste verset, som mangla frå Ronstadt-versjonen, sidan ho meinte det var viktig for songen.

Houston si utgåve er ikkje den einaste versjonen av songen som er med i filmen. I ein scene der ho dansar med Costner, kan ein høyre ein versjon av John Doe spele på ein jukeboks.

Houston si utgåve vart rangert på niandeplassen på lista til NME over dei beste førsteplassane gjennom historia.[34] I 2004vart versjonen plassert på 65. plassen på lista til American Film Institute over dei 100 beste songane frå 1900-talet i amerikansk film.[35] Han vart òg rangert på 22. plassen på lista til The Guardian over britane sine 100 favorittsongar, publisert i mai 2002.[36] Fram til 2013 hadde utgåva til Houston seld over 20 millionar eksemplar verda over, som gjer det til den bestseljande singelen av ei kvinne gjennom tidene[37] og ein av dei bestseljande singlane totalt.[38]

I februar 2013 vart songen plassert på sjetteplassen på lista til Billboard over dei 50 beste kjærleikssongane gjennom tidene.[39]

Ei konsertutgåve kom ut i 1999 på Divas Live '99 og i 2014 på CD- og DVD-utgåva av Whitney Houston Live: Her Greatest Performances, med eit konsertopptak frå 1994.[40]

Songen er òg nytta i filmen This Is the End frå 2013[41] og i byrjinga av filmen Spider-Man: Far From Home frå 2019.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Singelen låg 14 veker på toppen av den amerikanske Billboard Hot 100, som den gongen var ny rekord.[42][43] Det vart den største hitten til Houston og slo den gamle rekorden hennar, med «Greatest Love of All» frå 1986, med tre veker. Det er òg den lengste tida på toppen av lista for ein singel frå ein film.

Songen låg òg fem veker på toppen av Hot Adult Contemporary Tracks-lista og 11 veker på toppen av Hot R&B Singles-lista. Han låg på topp 40 på denne lista i 24 veker.[44][45][46] Det vart den største hitten Arista Records nokon gong gav ut. Songen låg på toppen av både Hot 100, Adult Contemporary og R&B-lista samstundes i fem veker på rad, som berre Ray Charles med songen «I Can't Stop Loving You» hadde klart tidlegare i 1962.[47]

Songen låg som nummer ein i USA gjenno januar og februar 1993 og var første gongen ein ny song hamna på toppen av Billboard først i mars i eit nytt år. Singelen var òg den mestseljande i USA i 1993.[48] I Storbritannia var Houston-versjonen den bestsljenade i 1992, og den niande mest selde i 1993.[49]

Houston-utgåva av «I Will Always Love You» vart òg ein massiv internasjonal hit og toppa singellistene i nesten alle land, inkludert Eurochart Hot 100 Singles, der han låg 13 veker på førsteplassen. Singelen låg på topp i Australia i ti veker,[50] fem veker i Austerrike,[51] sju veker i Belgia,[52] åtte veker i Frankrike,[53] seks veker i Tyskland,[54] åtte veker i Irland,[55] to veker i Italia,[56] seks veker i Nederland,[57] 14 veker i New Zealand,[58] ni veker i Noreg,[59] ei veke i Spania, seks veker i Sverige,[60] åtte veker i Sveits,[61] og ti veker i Storbritannia.[62] Dei ti vekene i på toppen i Storbritannia, var den lengste perioden av ein kvinnelege soloartist fram til 2019 då Tones & I overtok rekorden.[63][64][65]

Berre få timar etter Houston døydde 11. februar 2012, toppa «I Will Always Love You» den amerikanske iTunes-lista. I vekene etter ho døydde gjekk singelen inn att på Billboard Hot 100 nesten tjue år etter han kom ut, og debuterte på sjuandeplassen. Det vart dermed den første topp 10-singelen til Houston sidan 2001. Songen klatra til slutt til tredjeplassen.[66] Han debuterte på tredjeplassen på Billboard Hot Digital Singles Chart 25. februar 2012.[67] I Storbritannia nådde songen tiandeplassen på singellista den veka Houston døydde.[68]

«I Will Always Love You» selde til 4x platinaplate i USA for over 4 millionar selde eksemplar den 12. januar 1993, som var første gongen ei kvinne nådde det nivået i USA.[69][70] I følgje Nielsen SoundScan hadde singelen i 2009 seld nesten 4,6 millionar eksemplar som er den nest mest selde fysiske singelen i USA etter Elton John sin «Candle in the Wind» frå 1997.[71]

I Storbritannia har singelen selt over 1,5 millionar eksemplar, og vart den tiande bestseljande singelen i 1990-åra, og han fekk 2x platinaplate der 1. januar 1993.[72][73][74] Han selde òg til platinaplate i Tyskland for over 500 000 selde eksemplar.[75] I Japan selde «I Will Always Love You» over 810 000 eksemplar og låg 27 veker inne på lista, og vart den bestseljande singelen av ein kvinneleg, utanlandsk artist på den tida, trass i at han aldri nådde toppen av lista.[76][77]

«I Will Always Love You» van Grammyprisen i 1994 for Årets singel og Beste kvinnelege popsong]]. I tillegg fekk han beste pop/rock-singel og beste soul/R&B-singel hos American Music Awards, som var første gongen ein kvinneleg soloartist vann begge kategoriane.

I 2015 vart «I Will Always Love You» plassert på førsteplassen på lista over beste song frå rockeæraen i boka The Top 500 Songs of the Rock Era: 1955–2015.[78]

I 2020 vart «I Will Always Love You» vald ut av Library of Congress for bevaring i National Recording Registry fordi han vert rekna som «kulturelt, historisk eller estetisk viktig».[79]

Format og innhald[endre | endre wikiteksten]

'Britisk og europeisk 12"-vinylsingel[80][81]

Britisk, europeisk og amerikansk 7" vinylsingel[82][83][84]

Amerikansk og europeisk maxi-CD-singel[85][86]

  1. «I Will Always Love You» – 4:31
  2. «Jesus Loves Me» – 5:11
  3. «Do You Hear What I Hear?» – 3:31

Maxi-CD-singlar (1999-miksar)

  1. «I Will Always Love You» (Hex Hector Radio Edit) – 4:50
  2. «I Will Always Love You» (Hex Hector 12" Club Mix) – 9:51
  3. «I Will Always Love You» (Hex Hector Anthem Dub Mix) – 5:44

Medverkande[endre | endre wikiteksten]


Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister (1992–93) Plassering
Australia (ARIA)[50] 1
Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[51] 1
Belgia (VRT Top 30)[52] 1
Canada Top Singles (RPM)[87] 1
Canada Adult Contemporary Tracks (RPM)[88] 1
Danmark (IFPI)[89] 1
Europa (European Hot 100)[90] 1
Finland (Suomen virallinen lista)[91] 1
Frankrike (SNEP)[53] 1
Tyskland (Media Control Charts)[54] 1
Hellas (Pop + Rock)[92] 1
Island (Íslenski Listinn Topp 40)[93] 1
Ireland (IRMA)[55] 1
Israel (IBA)[94] 1
Italia (Musica e dischi)[56] 1
Japan (Oricon Charts)[95][96] 1
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[57] 1
Nederland (Mega Single Top 100)[97] 1
New Zealand (RIANZ)[58] 1
Noreg (VG-lista)[59] 1
Portugal (AFP)[98] 1
Spania (AFYVE)[99] 1
Sverige (Sverigetopplistan)[60] 1
Sveits (Schweizer Hitparade)[61] 1
UK Singles (Official Charts Company)[100] 1
US Billboard Hot 100[101] 1
US Adult Contemporary (Billboard)[102] 1
US Hot R&B/Hip-Hop Songs (Billboard)[103] 1
US Pop Songs (Billboard)[104] 1
US Rhythmic (Billboard)[105] 1
Zimbabwe (ZIMA)[106] 1
Vekeslister (2012) Plassering
Australia (ARIA)[107] 8
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[108] 10
Canada (Canadian Hot 100)[109] 6
Danmark (Tracklisten)[110] 10
Euro Digital Songs (Billboard)[111] 8
Finland (Suomen virallinen lista)[112] 17
Frankrike (SNEP)[113] 2
Tyskland (Media Control AG)[114] 19
Irland (IRMA)[115] 13
Israel (Media Forest)[116] 3
Italia (FIMI)[117] 7
Japan (Japan Hot 100)[109] 5
Luxembourg (Billboard)[118] 4
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[119] 17
Nederland (Mega Single Top 100)[120] 5
New Zealand (RIANZ)[121] 7
Noreg (VG-lista)[122] 12
Portugal (Billboard)[123] 2
Russland (Russland Top 10)[124] 3
Skottland (The Official Charts Company)[125] 19
Sør-Korea internasjonale singlar (Gaon)[126] 23
Spania (PROMUSICAE)[127] 2
Sverige (Sverigetopplistan)[128] 56
Sveits (Schweizer Hitparade)[129] 3
UK Singles (Official Charts Company)[130] 10
US Billboard Hot 100[131] 3

Årslister (1992) Plassering
Australia 17
Canada RPM Top Singles[132] 85
Canada RPM Adult Contemporary Tracks[133] 97
Nederlandsk Topp 40[134] 61
UK Singles Chart[49] 1
Årlister (1993) Plassering
Australia 2
Den austerrikske singellista[135] 8
Den belgiske singellista (Flandern)[136] 16
Canada RPM Top Singles[137] 1
Canada RPM Adult Contemporary Singles[138] 7
Nederlandsk Topp 40[139] 13
Nederlandsk Top 100[140] 5
Eurochart Hot 100[141] 3
Finland[142] 5
Den tyske singellista[143] 7
Island[144] 1
Japan[145] 31
New Zealand[146] 2
Den sveitsiske singellista[147] 7
UK Singles Chart[49] 9
US Billboard Hot 100[148] 1
US Adult Contemporary[149] 18
US Hot Pop Singles[150] 1
US Hot R&B Singles[151] 1
Årsliste (2012) Plassering
Den spanske singellista[152] 49
Tiårsliste (1990–1999) Plassering
Nederlandsk Topp 40[153] 24
UK Singles Chart[49] 10
US Billboard Hot 100[154] 7

Liste gjennom alle tidene

Liste Rangering År
US Billboard Hot 100[155] 54 2018
US Billboard Hot 100 (Women)[156] 16 2018

Billboard Magazine Hot 100 Anniversary Charts

År Tittel Kategori Plassering Kjelde
1998 Billboard 40 Years of the Top 40 The Top 10 Remakes nr. 2 [157]
The Top 10 «Love» Songs nr. 2 [157]
Billboard The Hot 100 of the Hot 100: Top Songs of Four Decades nr. 6 [158]
The Top 10 Soundtrack Songs nr. 1 [159]
Song with the Most Weeks at No. 1 (14 veker) nr. 2 [159]
2008 Billboard Hot 100 50th Anniversary The Billboard Hot 100 All-Time Top Songs nr. 68 [160]
The All-Time Top R&B/Hip-Hop Songs nr. 27 [161]
Hot 100 Song of the Year – 1993 nr. 1 [162]
2013 Billboard Hot 100 55th Anniversary The Billboard Hot 100 All-Time Top Songs nr. 49 [163]
The All-Time Top R&B/Hip-Hop Songs nr. 27 [164]
Hot 100 Song of the Year – 1993 nr. 1 [165]

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Australia (ARIA)[166] 4× Platina 280 000^
Austerrike (IFPI Austerrike)[167] Gull 25 000x
China(IFPI Macao)[168] 8× Platina 240,000*
Danmark (IFPI Danmark)[169] Gull 30,000^
Frankrike (SNEP)[170] Gull 332,000[171]
Tyskland (BVMI)[172] Platina 500 000^
Italia (FIMI)[173] Platina 50 000*
Japan
Physical CD Single
810,080[77]
Japan (RIAJ)[174]
Digital
Platina 100 000^
Nederland (NVPI)[175] Platina 75 000^
New Zealand (RMNZ)[176] Platina 15 000*
Mexico (AMPROFON)[177] Gull 30,000^
Sverige (GLF)[178] Platina 50 000x
Storbritannia (BPI)[179] 2× Platina 1,650,000[180]
USA (RIAA)[181] 8× Platina 4,591,000[182]
Digital
Japan (RIAJ)[174] Platina 250,000^
USA (RIAA)[181] 2× Platina 2,016,000[71]

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Sarah Washington-versjonen[endre | endre wikiteksten]

I Will Always Love You
Singel av Sarah Washington
B-side Remix
Utgjeve 1993
Sjanger
Lengd 5:27
Selskap
    • Almighty Records
    • ZYX Music
    • Peerless
Låtskrivar(ar) Dolly Parton
Produsent
    • Martyn Norris
    • Richard Cottle
Sarah Washington-kronologi
I Will Always Love You «Careless Whisper»
(1993)


Den britiske pop og dance-songaren Sarah Washington gav ut ein suksessrik dance-versjon av «I Will Always Love You» i 1993. Det vart den største hitten hennar og han nådde tredjeplassen i Spania, 12. plassen i Storbritannia,[183] 15. plassen i Irland og 32. plassen i Sverige. På Eurochart Hot 100 nådde singelen 44. plassen i september 1993.

Versjonen vart gjeven ut på Almighty Records, som skildra Washington som «an eager young hopeful» og hevda hennar «sensational studio performance» var hovudgrunnen til suksessen han hadde, i lag med at han blei mykje spelt på London-stasjone n95.8 Capital FM.[184] Detr vart laga ein svart-kvitt musikkvideo til songen. I 2006 gav Almighty Records ut ein pakke med 11 mixar av «I Will Always Love You».

Innhald[endre | endre wikiteksten]

CD single (Dance Mix), UK (1993)
Nr.TittelLengd
1.«I Will Always Love You» (The Dolly Mix)6:20
2.«I Will Always Love You» (7" Edit)5:25
3.«I Will Always Love You» (Mighty Mix)7:26
4.«Body Heat»4:38
CD single (Dance Mix), Skandinavia (1993)
Nr.TittelLengd
1.«I Will Always Love You» (7" Edit)5:27
2.«I Will Always Love You» (12" Original Mix)7:27
CD single (Dance Mix), Australia (1993)
Nr.TittelLengd
1.«I Will Always Love You» (7" Edit) 
2.«I Will Always Love You» (12" Original Mix) 
3.«I Will Always Love You» (Luv'd Up Mix) 
4.«Body Heat» 

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1993) Plassering
Europa (Eurochart Hot 100)[185] 44
Irland (IRMA)[186] 15
Spania (AFYVE)[187] 3
Sverige (Sverigetopplistan)[188] 32
UK Singles (Official Charts Company) 12

Kristin Chenoweth-versjonen[endre | endre wikiteksten]

I Will Always Love You
Singel av Dolly Parton
frå albumet For the Girls
Utgjeve 9. august 2019
Innspelt 2019
Sjanger Pop
Lengd 3:22
Selskap Concord
Låtskrivar(ar) Dolly Parton
Produsent
Dolly Parton-kronologi
«Smoky Mountain Rain»
(2019)
I Will Always Love You «God Only Knows»
(2019)


«I Will Always Love You» vart spelt av den amerikanske skodespelarinna og songaren Kristin Chenoweth i ein duett med Dolly Parton. Songen kom ut 9. august 2019,[189] som den første singelen frå Chenoweth-albumet For the Girls.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «I Will Always Love You by Dolly Parton Songfacts». www.songfacts.com. Henta 1. desember 2020. 
  2. «Dolly Parton remembers writing 'I Will Always Love You'». The Tennessean. Henta 1. desember 2020. 
  3. «Ask Billboard: Is 'I Will Always Love You' the Most Enduring Hit of the Rock Era?». Billboard. Henta 1. desember 2020. 
  4. Kaufman, Gil (12. februar 2012). «Whitney Houston's Musical Legacy, By The Numbers». MTV (MTV Networks). Henta 23. juni 2012. 
  5. «Is 'I Will Always Love You' the Most Enduring Hit of the Rock Era?». Billboard. Henta 1. desember 2020. 
  6. «Linda Ronstadt – I Will Always Love You». www.pastemagazine.com (på engelsk). 1. september 2015. Henta 1. desember 2020. 
  7. «12 Things You Didn't Know About 'I Will Always Love You'». www.yahoo.com (på engelsk). Henta 1. desember 2020. 
  8. «14-Year-Old LeAnn Rimes Blows Crowd Away With Rare 'I Will Always Love You'». Country Rebel (på engelsk). Henta 1. desember 2020. 
  9. Oldes 2007, s. 145
  10. Cramer 2009, s. 1084
  11. 11,0 11,1 I Will Always Love You (7 vinyl liner notes). Dolly Parton. RCA Records. 1974. GB 10505. 
  12. «The Best Little Whorehouse in Texas». Billboard. Henta 1. desember 2020. 
  13. 13,0 13,1 Ellison 1995, s. 195
  14. «Dolly Part I Will Always Love You – Digital Sheet Music». Music Notes. Hal Leonard Corporation. Henta 1. desember 2020. 
  15. Cardwell 2011, s. 134
  16. «Dolly Parton Wrote 'Jolene' and 'I Will Always Love You' in One Day». www.out.com (på engelsk). 1. mars 2019. Henta 1. desember 2020. 
  17. Palma, Bethania (25. oktober 2019). «Did Dolly Parton write 'Jolene' and 'I Will Always Love You' in one day?». Snopes.com. Henta 1. desember 2020. 
  18. «Patti Says She Regrets Turning Down These 2 Major Hits, Missing Millions». I Love Old School Music (på engelsk). 1. juli 2015. Henta 1. desember 2020. 
  19. Dean 2003, s. 477
  20. 20,0 20,1 20,2 20,3 Overall Popularity Top. «Charts». Billboard. Henta 1. desember 2020. 
  21. «This Day in Music History – June 8th». kool.cbslocal.com. CBS Radio. Arkivert frå originalen 1. desember 2020. Henta 1. desember 2020. 
  22. «The Surprising Backstory of Dolly Parton's 'I Will Always Love You'». wideopencountry.com. WOS Inc. Arkivert frå originalen 1. desember 2020. Henta 1. desember 2020. 
  23. 23,0 23,1 23,2 23,3 «Introduction – RPM – Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 1. desember 2020. 
  24. «Top Single Picks» (PDF). American Radio History. Billboard. 24. juli 1982. s. 63. Henta 1. desember 2020. 
  25. Kent, David (2006). Australian Chart Book: 1993–2005. Australian Chart Book. s. 282. ISBN 0-646-45889-2. Henta 1. desember 2020. 
  26. «Item Display – RPM – Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. 30. oktober 1982. Henta 1. desember 2020. 
  27. "Parton?f=379&g=Singles Dolly Parton Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Dolly Parton. Prometheus Global Media. Henta 1. desember 2020.
  28. "Parton?f=341&g=Singles Dolly Parton Album & Song Chart History" Billboard Adult Contemporary Songs for Dolly Parton. Prometheus Global Media. Henta 1. desember 2020.
  29. «Archived copy». Arkivert frå originalen 22. august 2018. Henta 22. august 2018. 
  30. 30,0 30,1 Brown, Helen (2. desember 2020). «Whitney Houston and Dolly Parton: why 'I Will Always Love You' is Whitney's ultimate song». Telegraph. Henta 2. desember 2020. 
  31. «The Best 90s R&B Songs». Complex. 23. januar 2018. Henta 13. mai 2018. 
  32. «Whitney Houston: How Dolly Parton Song Landed on The Bodyguard Soundtrack». CMT News. Henta 1. desember 2020. 
  33. «12 Things You Didn't Know About 'I Will Always Love You'». www.yahoo.com. Henta 1. desember 2020. 
  34. «Rocklist.net NME Greatest Singles Lists». Rocklistmusic.co.uk. Henta 2. desember 2020. 
  35. «America's Greatest Music in the Movies» (PDF). Afi.com. Henta 2. desember 2020. 
  36. «Full list: Britain's favourite 100 songs». The Guardian (London). 8. mai 2002. Henta 2. desember 2020. 
  37. «Here are the 10 best covers of all time from here to eternity» (på engelsk). Henta 1. desember 2020. 
  38. Galindo, Brian (13. mai 2013). «11 Fascinating Facts About The Song 'I Will Always Love You'». BuzzFeed. Henta 2. desember 2020. 
  39. Bronson, Fred (12. februar 2014). «Top 50 'Love' Songs of All Time». Billboard. Henta 2. desember 2020. 
  40. Andy Kellman (10. november 2014). «Live: Her Greatest Performances – Whitney Houston | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 2. desember 2020. 
  41. «iTunes Music – This Is the End (Original Motion Picture Soundtrack) by Various Artists». iTunes Store. Henta 2. desember 2020. 
  42. Billboard Hot 100 Singles chart listing for the week of 28. november 1992. Billboard. 28. november 1992. Henta 2. desember 2020. 
  43. Fred Bronson (19. november 1994). Chart Beat: Another Lucky 13 For Boyz II Men. Billboard. Henta 2. desember 2020. 
  44. «Billboard Hot Adult Contemporary chart listing for the week of 19. desember 1992». Billboard. 19. desember 1992. Henta 2. desember 2020. 
  45. «Billboard Hot R&B Singles chart listing for the week of 5. desember 1992». Billboard. 5. desember 1992. Henta 2. desember 2020. 
  46. Fred Bronson (7. mai 1994). Chart Beat – Ace Is Back On Top; Aaliyah Goes 'Forth'. Billboard. Henta 2. desember 2020. 
  47. «R. Kelly's »Bump N' Grind« tops Billboard's Hot R&B Singles chart next week.» Cincinnati Post. 6. mai 1994. Page 6c.
  48. «Information Not Found». Billboard. Henta 15. september 2010. 
  49. 49,0 49,1 49,2 49,3 «Chart Archive – 1990s Singles». The Official Charts Company. Henta 2. desember 2020. 
  50. 50,0 50,1 «Number Ones in 1993». take40.com. Arkivert frå originalen 5. mars 2012. Henta 2. desember 2020. 
  51. 51,0 51,1 «'I Will Always Love You' on Austrian Singels Chart». austriancharts.at. Arkivert frå originalen 2. november 2012. Henta 2. desember 2020. 
  52. 52,0 52,1 «'I Will Always Love You' on Belgian VRT Top 30 chart». top30-2.radio2.be. 27. februar 1992. Arkivert frå originalen 9. april 2012. Henta 2. desember 2020. 
  53. 53,0 53,1 «'I Will Always Love You' on Den franske singellista». lescharts.com. Henta 2. desember 2020. 
  54. 54,0 54,1 «Whitney Houston – I Will Always Love You». Media Control Charts. 25. januar 1993. Henta 2. desember 2020. 
  55. 55,0 55,1 «'I Will Always Love You' on Irish Singles Chart». Irish Recorded Music Association. Arkivert frå originalen 2. desember 2020. Henta 2. desember 2020. 
  56. 56,0 56,1 «'I Will Always Love You' on Italian Singles Chart». hitparadeitalia.it. 5. desember 1992. Arkivert frå originalen 7. juli 2011. Henta 2. desember 2020. 
  57. 57,0 57,1 «'I Will Always Love You' on Den nederlandske singellista». dutchcharts.nl. Henta 2. desember 2020. 
  58. 58,0 58,1 ««I Will Always Love You» on New Zealand's Singles Chart». charts.nz. Henta 2. desember 2020. 
  59. 59,0 59,1 «'I Will Always Love You' on Norwegian Singles Chart». norwegiancharts.com. Arkivert frå originalen 11. oktober 2011. Henta 2. desember 2020. 
  60. 60,0 60,1 «'I Will Always Love You' on Den svenske singellista». swedishcharts.com. Henta 2. desember 2020. 
  61. 61,0 61,1 «'I Will Always Love You' on Den sveitsiske singellista». hitparade.ch. Arkivert frå originalen 21. mai 2009. Henta 2. desember 2020. 
  62. «'I Will Always Love You' on UK Singles Chart». The Official Charts Company. 5. desember 1992. Arkivert frå originalen 12. september 2012. Henta 2. desember 2020. 
  63. Fred Bronson (6. februar 1993). Chart Beat: 'Aladdin' Soundtrack Works Chart Magic. Billboard. Henta 2. desember 2020. 
  64. «nr. 1 Hit Singles of 1992 in U.K.». The Official Charts Company. Arkivert frå originalen 8. januar 2011. Henta 2. desember 2020. 
  65. «Rihanna achieves chart landmark». BBC News. 23. juli 2007. Henta 2. desember 2020. 
  66. «Whitney Houston's «I Will Always Love You» Back in Top 10 After 20 Years; Madonna Extends Her Lead in Most Top 10s». Vintage Vinyl News. 15. februar 2012. Henta 2. desember 2020. 
  67. Caulfield, Keith (15. februar 2012). «Adele's '21' Hits 20th Week at nr. 1, Van Halen Debuts at nr. 2». Billboard. Henta 2. desember 2020. 
  68. «Whitney Houston songs race up music charts». Reuters. 15. februar 2012. Henta 2. desember 2020. 
  69. «RIAA certification for 'I Will Always Love You' single». The Recording Industry Association of America. 12. januar 1993. Arkivert frå originalen 25. juli 2013. Henta 5. juli 2010. 
  70. RIAA Certs Show Power Of 'Titanic'. Billboard. 11. april 1998. Henta 2. desember 2020. 
  71. 71,0 71,1 Gary Trust (28. august 2009). «Billboard: Battle of the Divas, Round 3». Billboard. Henta 26. juni 2012. 
  72. «BPI certification for 'I Will Always Love You' single (searchable database)». 1. januar 1993. Arkivert frå originalen 17. januar 2010. Henta 2. desember 2020. 
  73. Ami Sedghi (4. november 2012). «UK's million-selling singles: the full list». The Guardian. Henta 4. november 2012. 
  74. Daniel Lane (27. juni 2013). «The UK's Best Selling Singles». The Official Charts Company. Henta 30. juni 2013. 
  75. «Gold-/Platin-Datenbank ('I Will Always Love You')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. Henta 2. desember 2020. 
  76. Okamoto, Satoshi (2006). Oricon Singles Chart Book: Complete Edition 1968–2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. ISBN 4-87131-076-0. 
  77. 77,0 77,1 «Oricon All-Time Best-selling Single CDs by foreign artists». Arkivert frå originalen 16. oktober 2010. Henta 2. desember 2020. 
  78. Couch, Rod (2015). The Top 500 Songs of the Rock Era: 1955–2015 (First utg.). Create Space. s. 1–3. ISBN 9781515007715. 
  79. «National Recording Registry Class Produces Ultimate 'Stay at Home' Playlist». Library of Congress. 2. desember 2020. Henta 2. desember 2020. 
  80. I Will Always Love You (UK 12-inch Vinyl Single liner notes). Whitney Houston. Storbritannia: Arista. 1992. 74321 12065 1. 
  81. I Will Always Love You (Europe 12-inch Vinyl Single liner notes). Whitney Houston. Europe: Arista Records. 1992. 74321 12065 1. 
  82. I Will Always Love You (UK 7-inch Vinyl Single liner notes). Whitney Houston. Storbritannia: Arista Records. 1992. 74321 12065 7. 
  83. I Will Always Love You (Europe 7-inch Vinyl Single liner notes). Whitney Houston. Europe: Arista Records. 1992. 74321 12065 7. 
  84. I Will Always Love You (US 7-inch Vinyl Single liner notes). Whitney Houston. United States: Arista Records. 1992. 07822-12490-7. 
  85. I Will Always Love You (US Maxi-CD Single liner notes). Whitney Houston. United States: Arista Records. 1992. 07822-12503-2. 
  86. I Will Always Love You (Europe Maxi-CD Single liner notes). Whitney Houston. Europe: Arista Records, BMG Eurodisc. 1992. 74321 12065 2. 
  87. «Canadian RPM Top 100 Singles Chart listing for the week of 19. desember 1992». RPM. 19. desember 1992. Arkivert frå originalen 19. oktober 2012. Henta 2. desember 2020. 
  88. "RPM Adult Contemporary Tracks." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 15. april 2019.
  89. «Top 10 Danmark» (PDF). Music & Media. Henta 26. februar 2018. 
  90. Hits of the World: Eurochart Hot 100. Billboard. 6. februar 1993. Henta 2. desember 2020. 
  91. Pennanen, Timo (2006). Sisältää hitin: Levyt ja esittäjät Suomen musiikkilistoilla vuodesta 1972. Finland: Otava. s. 161. ISBN 951-1-21053-X. 
  92. «Top 10 Greece» (PDF). Music & Media. Henta 20. mars 2018. 
  93. «Íslenski Listinn Topp 40 (28.01.1993 – 04.02.1993)» (PDF). Dagblaðið Vísir – Tónlist. Henta 4. februar 2018. 
  94. https://www.ukmix.org/showthread.php?45645-Israel-Singles-Charts-1987-1995/page5
  95. «Highest position and charting weeks of 'I Will Always Love You' by Whitney Houston». oricon.co.jp. Henta 2. april 2010. 
  96. «Search results of the Japanese Oricon Weekly Singles Chart – 1st week of February 1993» (på Japanese). Oricon. Henta 5. januar 2011. 
  97. "Dutchcharts.nl – Whitney Houston – I Will Always Love You)" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  98. «Top 10 Portugal» (PDF). Music & Media. Henta 26. februar 2018. 
  99. Hits of the World: Den spanske singellista. Billboard. 13. mars 1993. Henta 2. desember 2020. 
  100. "Chart Stats – Whitney Houston – I Will Always Love You" UK Singles Chart. Chart Stats. Henta 1. desember 2020.
  101. "Houston?f=379&g=Singles Whitney Houston Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Whitney Houston. Prometheus Global Media. Henta 1. desember 2020.
  102. "Houston?f=341&g=Singles Whitney Houston Album & Song Chart History" Billboard Adult Contemporary Songs for Whitney Houston. Prometheus Global Media. Henta 1. desember 2020.
  103. "Houston?f=367&g=Singles Whitney Houston Album & Song Chart History" Billboard R&B/Hip-Hop Songs for Whitney Houston. Prometheus Global Media. Henta 1. desember 2020.
  104. "Houston?f=381&g=Singles Whitney Houston Album & Song Chart History" Billboard Pop Songs for Whitney Houston. Prometheus Global Media. Henta 1. desember 2020.
  105. "Whitney Houston Chart History (Rhythmic)". Billboard. Henta 1. desember 2020.
  106. * Zimbabwe. Kimberley, C. Zimbabwe: singles chart book. Harare: C. Kimberley, 2000
  107. "Australian-charts.com – Whitney Houston – I Will Always Love You". ARIA Top 50 Singles. Hung Medien. Henta 2. desember 2020.
  108. "Whitney Houston – I Will Always Love You – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta 2. desember 2020.
  109. 109,0 109,1 «Whitney Houston – Chart history». Billboard. 16. mars 1996. Henta 1. desember 2020. 
  110. "Danishcharts.com – Whitney Houston – I Will Always Love You". Tracklisten. Hung Medien. Henta 2. desember 2020.
  111. «Whitney Houston Chart History – Euro Digital Songs». Billboard. Henta 17. februar 2020. 
  112. "Finnishcharts.com – Whitney Houston – I Will Always Love You". Suomen virallinen lista. Hung Medien. Henta 2. desember 2020.
  113. "Lescharts.com – Whitney Houston – I Will Always Love You" (på fransk). Les classement single. Hung Medien. Henta 11. mai 2012.
  114. "Whitney Houston - I Will Always Love You". Charts.de. Media Control. Henta 2. desember 2020.
  115. «>> IRMA << Irish Charts – Singles, Albums & Samlealbum >>». Irma.ie. 27. mars 2014. Arkivert frå originalen 11. mai 2012. Henta 1. desember 2020. 
  116. «Media Forest: Airplay chart». mediaforest.biz. 18. februar 2012. Arkivert frå originalen 17. juli 2012. 
  117. «FIMI – Federazione Industria Musicale Italiana – Classifiche». Fimi.it. Arkivert frå originalen 25. oktober 2012. Henta 1. desember 2020. 
  118. «Luxembourg Digital Songs – 3. mars 2012». Billboard. Henta 30. april 2013. 
  119. Top 40, Stichting Nederlandse. «Top 40». Top40.nl. 
  120. "Dutchcharts.nl – Whitney Houston – I Will Always Love You" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 2. desember 2020.
  121. "Charts.org.nz – Whitney Houston – I Will Always Love You". Top 40 Singles. Hung Medien. Henta 2. desember 2020.
  122. "Norwegiancharts.com – Whitney Houston – I Will Always Love You". VG-lista. Hung Medien. Henta 2. desember 2020.
  123. «Portugal Digital Songs – Peak». Billboard. Henta 19. mai 2013. 
  124. «Адель в платине». lenta.ru. Arkivert frå originalen 27. desember 2012. 
  125. «2012-02-25 Top 40 Scottish Singles Archive». Official Charts Company. 25. februar 2012. Henta 1. desember 2020. 
  126. «South Korea Gaon International Chart (Week: 12. februar 2012 to 18. februar 2012)». Gaon Chart. 5. januar 2013. Arkivert frå originalen 19. desember 2012. Henta 5. januar 2013. 
  127. "Spanishcharts.com – Whitney Houston – I Will Always Love You" Canciones Top 50. Hung Medien. Henta 2. desember 2020.
  128. "Swedishcharts.com – Whitney Houston – I Will Always Love You". Topp 60. Hung Medien. Henta 2. desember 2020.
  129. "Whitney Houston – I Will Always Love You – swisscharts.com". Den svetisiske singellista. Hung Medien. Henta 2. desember 2020.
  130. «27 Whitney Houstpå spors on course to re-enter Official Singles Chart». UK Single Chart. 14. februar 2012. Arkivert frå originalen 17. februar 2012. Henta 17. februar 2012. 
  131. «Katy Perry's 'Part of Me' Debuts Atop Hot 100». Billboard. Henta 1. desember 2020. 
  132. «The RPM Top 100 Hit Tracks of 1992» (PDF). RPM 56 (25): 8. 19. desember 1992. Henta 23. mars 2019. 
  133. «The RPM Top 100 Adult Contemporary Tracks of 1992». RPM. Library and Archives Canada. 19. desember 1992. Arkivert frå originalen 16. oktober 2013. Henta 5. januar 2014. 
  134. «Single Top 100 over 1992» (PDF). Nederlandsk Topp 40. Henta 2. desember 2020. 
  135. «Austrian Singles Year-End Chart of 1993». austriancharts.a. Arkivert frå originalen 2. desember 2020. Henta 2. desember 2020. 
  136. «Jaaroverzichten 1993». Hung Medien. Ultratop. Henta 2. desember 2020. 
  137. «Canadian RPM Top 100 Hit Tracks listing for the week of 18. desember 1993». 18. desember 1993. Arkivert frå originalen 19. oktober 2012. Henta 2. desember 2020. 
  138. «The RPM Top 100 Adult Contemporary Tracks of 1993». RPM (RPM Music Publications Ltd.) 58 (23). 18. desember 1993. ISSN 0315-5994. Arkivert frå originalen 21. oktober 2012. Henta 12. mars 2011. 
  139. «Single Top 100 over 1993» (PDF). Nederlandsk Topp 40. Henta 2. desember 2020. 
  140. Steffen Hung. «Dutch charts portal». dutchcharts.nl. Arkivert frå originalen 15. februar 2014. Henta 1. desember 2020. 
  141. «1993 Year-End Sales Charts» (PDF). Music & Media. Henta 18. november 2019. 
  142. Pennanen, Timo (2006). Sisältää hitin: Levyt ja esittäjät Suomen musiikkilistoilla vuodesta 1972. Finland: Otava. s. 54. ISBN 951-1-21053-X. 
  143. «Top 100 Singles – Jahrescharts 1993» (på tysk). GfK Entertainment. Henta 27. november 2019. 
  144. «Árslistinn 1993». Dagblaðið Vísir (på islandsk). 4. januar 1994. s. 16. Henta 2. desember 2020. 
  145. «Oricon Year-end Singles Chart of 1993» (på Japanese). Arkivert frå originalen 26. oktober 2012. Henta 23. desember 2010. 
  146. «Top Selling Singles of 1993». Henta 7. november 2015. 
  147. «Swiss Year-End Charts of 1993: Singles». swisscharts.com. Arkivert frå originalen 13. januar 2010. Henta 2. desember 2020. 
  148. «1993: Year-End USA Charts (Singles)». Billboard. Henta 31. juli 2010.  (archived by Top40-Charts.com)
  149. «1993 Year-end Charts – Top Adult Contemporary Singles». Billboard. 31. desember 1993. Henta 2. desember 2020. 
  150. «1993 Year-end Charts – Top Pop Singles». Billboard. 31. desember 1993. Henta 2. desember 2020. 
  151. «1993 Year-end Charts – Top R&B Singles». Billboard. 31. desember 1993. Henta 2. desember 2020. 
  152. «Top 50 Canciones Anual 2012» (PDF). Promuiscae.es. Arkivert frå originalen (PDF) 27. januar 2013. Henta 2. desember 2020. 
  153. «Top 100 – Decenniumlijst: 90s». Nederlandsk Topp 40 (på nederlandsk). Stichting Nederlandse Top 40. Henta 2. juni 2011. 
  154. [1] Arkivert 8. oktober 2012 ved Wayback Machine.
  155. «Greatest of All Time Hot 100 Singles : Page 1». Billboard. Henta 1. august 2018. 
  156. «Greatest of All Time Hot 100 Songs by Women : Page 1». Billboard. Henta 29. november 2020. 
  157. 157,0 157,1 Billboard 40 Years of the Top 40: The Top 10 Remakes & The Top 10 «Love» Songs. Billboard. 19. september 1998. Henta 2. desember 2020. 
  158. Billboard 40 Years of the Top 40: The Hot 100 of the Hot 100: Top Songs of Four Decades. Billboard. 19. september 1998. Henta 2. desember 2020. 
  159. 159,0 159,1 Billboard 40 Years of the Top 40: The Top 10 Soundtrack Songs & Song with the Most Weeks at nr. 1. Billboard. 19. september 1998. Henta 2. desember 2020. 
  160. «Billboard Hot 100 50th Anniversary: The All-Time Hot 100 Top Songs». Billboard. Arkivert frå originalen 16. september 2010. Henta 2. desember 2020. 
  161. «Billboard Hot 100 50th Anniversary: The All-Time Top R&B/Hip-Hop Songs». Billboard. Arkivert frå originalen 28. august 2010. Henta 2. desember 2020. 
  162. «Billboard Hot 100 50th Anniversary: Hot 100 Song of the Year – 1993». Billboard. Arkivert frå originalen 23. september 2010. Henta 2. desember 2020. 
  163. «Billboard Hot 100 55th Anniversary: The All-Time Hot 100 Top Songs». Billboard. Arkivert frå originalen 18. oktober 2010. Henta 2. desember 2020. 
  164. «Billboard Hot 100 55th Anniversary: The All-Time Top R&B/Hip-Hop Songs». Billboard. Arkivert frå originalen 28. august 2010. Henta 2. desember 2020. 
  165. «Billboard Hot 100 55th Anniversary: Hot 100 Song of the Year – 1993». Billboard. Arkivert frå originalen 23. september 2010. Henta 2. desember 2020. 
  166. «ARIA End Of Year Singles 1993». Australian Recording Industry Association. 1994. Henta 26. januar 2018. 
  167. «Austrian single salstrofé – Whitney Houston – I Will Always Love You» (på tysk). IFPI Austerrike.  Enter Whitney Houston in the field Interpret. Enter I Will Always Love You in the field Titel. Select single in the field Format. Click Suchen
  168. «Macao single certifications – Whitney Houston – I Will Always Love You» (på kinesisk). International Federation of the Phonographic Industry of Macao. Arkivert frå originalen 29. juni 2015. Henta 24. oktober 2019. 
  169. «Home | IFPI». www.ifpi.dk. 
  170. «French single salstrofé – Whitney Houston – I Will Always Love You» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. 
  171. «Les Singles en Or». InfoDisc. Arkivert frå originalen 7. oktober 2013. Henta 23. juni 2013. 
  172. «Gold-/Platin-Datenbank (Whitney Houston; 'I Will Always Love You')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. 
  173. «Italian single salstrofé – Whitney Houston – I Will Always Love You» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry.  Select Online in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter Whitney Houston in the field Artista. Click Avvia la ricerca
  174. 174,0 174,1 レコード協会調べ 1月度有料音楽配信認定 <略称:1月度認定> [Record Association report: February 2014 digital music download certifications (Abbreviation: 2013 Certifications)]. RIAJ (på Japanese). February 2014. Arkivert frå originalen 5. mars 2014. Henta 29. august 2014. 
  175. «Dutch single salstrofé – Whitney Houston – I Will Always Love You» (på nederlandsk). Nederlandse Vereniging van Producenten en Importeurs van beeld- en geluidsdragers. 
  176. «New Zealand single salstrofé – Whitney Houston – I Will Always Love You». Recording Industry Association of New Zealand. Henta 10. mars 2014. 
  177. «Certificaciones – 2012» (på spansk). Asociación Mexicana de Productores de Fonogramas y Videogramas. 
  178. «Guld- och Platinacertifikat − År 1987−1998» (PDF) (på svensk). IFPI Sweden. 
  179. «British single salstrofé – Whitney Houston – I Will Always Love You». British Phonographic Industry.  Enter I Will Always Love You in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go
  180. Myers, Justin (5. desember 2018). «The Official Top 20 bestselling Christmas Number 1s». Official Charts Company. Henta 20. desember 2018. 
  181. 181,0 181,1 «American single salstrofé – Whitney Houston – I Will Always Love You». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH
  182. Gary Trust (28. august 2009). «Billboard: Battle of the Divas, Round 3». Billboard. Henta 14. november 2019. 
  183. Artist discography OfficialCharts.com. Henta 31. mars 2009.
  184. Sarah Washington: I Will Always Love You Almighty Solar Site. Henta 31. mars 2009.
  185. «Eurochart Hot 100» (PDF). Music & Media. 4. september 1993. Henta 27. januar 2020. 
  186. «Search > Sarah Washington». irishcharts.ie. Henta 22. februar 2020. 
  187. «Top 10 Sales in Europe» (PDF). Music & Media 10 (11): 24. 13. mars 1993. Henta 23. februar 2020. 
  188. «SARAH WASHINGTON – I WILL ALWAYS LOVE YOU». swisscharts.com. Henta 27. januar 2020. 
  189. «I Will Always Love You by Kristin Chenoweth & Dolly Parton on Amazon Music - Amazon.com». Amazon. 9. august 2019. Henta 1. desember 2020. 
  190. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th ed.). London: Guinness World Records Limited. p. 590. ISBN 1-904994-10-5
  191. «Beyoncé Average Setlists of tour: The Mrs. Carter Show World Tour | setlist.fm». www.setlist.fm. Henta 1. desember 2020. 
  192. Finan, Eileen (16. september 2016). «The Story Behind Country Music's Epic Mash-Up! Plus: Hear Blake, Carrie, Miranda and 36 Other Stars Sing 'Forever Country'». People. Henta 21. september 2016. 
  193. [2]The Guardian, London, 27. oktober 2005. Henta on 27. oktober 2005.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]