I Will Wait for You

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«I Will Wait for You» er ein engelsk versjon av songen «Je ne pourrai jamais vivre sans toi» frå den franske musikalen The Umbrellas of Cherbourg (1964). Musikken vart komponert av Michel Legrand og teksten vart skriven av Jacques Demy. Han vart framført i filmen av Catherine Deneuve, som fekk stemma si dubba av Danielle Licari. Den engelske teksten av songen vart skriven av Norman Gimbel. Denne versjonen vart nominert til Oscarprisen for beste song i 1966.

Songen er spelt inn av mange vokalistar, som Frank Sinatra, Astrud Gilberto, Violetta Villas, Trini Lopez, Bobby Darin, Nana Mouskouri (fransk tysk, spansk, italiensk og japansk), |Cher, Andy Williams, Petula Clark, Tony Bennett, Vikki Carr, Liza Minnelli, Connie Francis, Beverley Craven og the Walker Brothers. Av jazzmusikarar finn ein Oscar Peterson, Gil Evans, Donald Byrd og Louis Armstrong.

Sergio Franchi spelte songen i 1967 på albumet From Sergio – With Love.[1]

Roger Williams og Herb Alpert & The Tijuana Brass har begge spelt inn instrumentalversjonar av songen.

Vokalgruppa Pust har spelt inn ein norsk versjon, «Eg vil vent», på plata Fryktløs frå 2013.

Connie Francis-versjonen av songen vart nytta i Futurama-episoden «Jurassic Bark».[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sergio Franchi - From Sergio - With Love», Discogs (på engelsk), henta 18. juli 2019 
  2. Handlen, Zack (2 July 2015). «Futurama: "Jurassic Bark"/"Crimes Of The Hot"». The A.V. Club. Henta 7 October 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]