I Wish It Would Rain Down

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
I Wish It Would Rain Down
Singel av Phil Collins
frå albumet …But Seriously
B-side «Homeless», «You've Been in Love (That Little Bit Too Long)»
Utgjeve 20. januar 1990[1]
Innspelt 1988/1989
Sjanger Rock
Lengd 5:27
Selskap WEA
Låtskrivar(ar) Phil Collins
Produsent Phil Collins, Hugh Padgham
Phil Collins-kronologi
«Another Day in Paradise»
(1989)
I Wish It Would Rain Down «Something Happened on the Way to Heaven»
(1990)


«I Wish It Would Rain Down» er ein song av Phil Collins frå albumet …But Seriously frå 1989 med Eric Claptongitar. Songen var òg eit steg til sida for dance-pop-stilen til No Jacket Required. Songen var ein stor hitt i mange land, inkludert Canada der han gjekk heilt til topps.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Collins fekk med seg Eric Clapton på gitar. Collins fortalte sjølv, «Eg sa 'Eric, har eg aldri bede deg spele? Kom igjen, eg har ein song som er i di gate her.'»[2] Collins følte det var så nær han nokon gong hadde kome å skrive ein bluessong.[2] Collins følte òg at det var ein Clapton-song.[2]

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Den 8:30 minuttar lange musikkvideoen i svartkvit var regissert av James Yukich, og inneheld ein 2:30 minuttar langs del med skodespel før musikken startar. Settingen var eit teater i 1940- eller 1950-åra. Skodespelaren Jeffrey Tambor spelar ein hyperkritisk, misnøgd teaterregissør. Han øvar med nokre dansarar (som dansar til gitar/bassriffet frå songen «Sunshine of Your Love» av bandet Cream, der Eric Clapton spelar gitar.)

Lister[endre | endre wikiteksten]

Songen vart ein hit i 1990 og nådde tredjeplassen på Billboard Hot 100 i USA og førsteplassen på RPM Top 100 i Canada. I Storbritannia nådde singelen sjuandeplassen.

I Canada var han den singelen som låg lengst på toppen av lista i 1990 med seks veker og var den mestseljande singelen i Canada det året.[3]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

CD maxi
  1. «I Wish It Would Rain Down»
  2. «Homeless» («Another Day in Paradise» demo)
  3. «You've Been in Love (That Little Bit Too Long)»
7" single
  1. «I Wish It Would Rain Down»
  2. «Homeless» («Another Day in Paradise» demo)
12" single
  1. «I Wish It Would Rain Down»
  2. «Homeless» («Another Day in Paradise» demo)
  3. «You've Been in Love (That Little Bit Too Long)»

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1990) Plassering
Australia[4] 15
Austerrike[4] 26
Canada[3] 1
Nederland[5] 3
Finland (Suomen virallinen)[6] 7
Frankrike[4] 11
Tyskland 8
Irland[7] 4
New Zealand[4] 27
Polen[8] 1
Sverige[4] 7
Sveits[4] 8
UK Singles Chart[9] 7
USA Billboard Hot 100[10] 3
USA Billboard Hot Adult Contemporary Tracks[10] 3
USA Billboard Hot Mainstream Rock Tracks[10] 5

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.chartwatch.co.uk/TopTen/acts/act01616.htm
  2. 2,0 2,1 2,2 «Phil Collins interview». WEA. 1989. Henta 9 April 2009. 
  3. 3,0 3,1 Top Singles - Volume 53, No. 6, 22 December 1990
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 «"I Wish It Would Rain Down», in various singles charts». Lescharts. Henta 12. februar 2013. 
  5. «Single top 100 over 1990» (pdf) (på Dutch). Top40. Henta 12. februar 2013. 
  6. Nyman, Jake (2005). Suomi soi 4: Suuri suomalainen listakirja (på finsk) (1st utg.). Helsinki: Tammi. ISBN 951-31-2503-3. 
  7. «Irish Single Chart». irishcharts.ie. Henta 12. februar 2013. 
  8. «Polish Singles Chart |». 
  9. «UK Singles Chart». chartstats.com. Henta 10. august 2008. 
  10. 10,0 10,1 10,2 «Billboard». allmusic. Henta 10. august 2008.