I agápi akóma zi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«I agápi akóma zi»
Eurovision Song Contest 1983
Land Kypros
Artist(ar) Stavros Siderás og Konstantína Konstantínou
Alias Stavros & Konstantína
Språk Gresk
Komponist(ar) Stavros Siderás
Låtskrivar(ar) Stavros Siderás
Resultat
Finalepoeng 26
Finaleplass 16
Kypros i Eurovision Song Contest
«Móno i agápi»
(1982)
«I agápi akóma zi» «Ánna Mariá Léna»
(1984)

«I agápi akóma zi» (gresk «Η αγάπη ακόμα ζει», Kjærleiken lever framleis) er ein singel av Stavros & Konstantína. Songen er skriven av Stavros Siderás.

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Eurovision Song Contest 1983[endre | endre wikiteksten]

Radiofonikó Ídrima Kýprou hadde ein intern uttaking der dei valde ut bidraget som representerte Kypros i Eurovision Song Contest 1983 i München i Vest-Tyskland.[1] Duoen Stavros & Konstantína, sett saman av Stavros Siderás og Konstantína Konstantínou , fekk framføre «I agápi akóma zi», på gresk. «I agápi akóma zi» er skriven av Stavros Siderás. I finalen enda Kypros på 16. plass med 26 poeng; seks frå Jugoslavia, fem frå Vest-Tyskland og Israel, fire frå Noreg og Belgia og eitt frå Sveits og Danmark. Dette er det einaste kypriotiske bidraget som ikkje har fått poeng frå Hellas i ein finale, dei åra både Kypros og Hellas har delteke i finalen.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Chipre Eurovisión 1983» (spansk). eurovision-spain.com. Henta 17. april 2014. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]