I pio ómorfi méra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«I pio ómorfi méra»
Singel av Sofía Patsalídes
Land Kypros
Språk Gresk
Engelsk
Utgjeve 23. september 2014
Innspelt August 2014
Sjanger Pop
Lengd 2:59
Selskap Silver Spotlight Productions
Låtskrivar(ar) Stavros Stavrou
Sofía Patsalídes
Aléx Panayí

«I pio ómorfi méra», gresk «Η πιο όμορφη μέρα», er ein singel av Sofía Patsalídes, gjeven ut 23. september 2014. Songen er skriven av Stavros Stavrou, Sofía Patsalídes og Aléx Panayí.[1] 3. november 2014 vart singelen gjeven ut på albumet Junior Eurovision Song Contest 2014: Malta.[2]

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Junior Eurovision Song Contest 2014[endre | endre wikiteksten]

«I pio ómorfi méra» vart vald internt av Radiofonikó Ídrima Kýprou til å representere Kypros i Junior Eurovision Song Contest 2014 i MarsaMalta.[3] Sofía Patsalídes framførte songen på gresk og engelsk, og enda på niandeplass med 69 poeng; åtte frå Bulgaria og San Marino, sju frå barnejuryen, Sverige og Nederland, fem frå Italia, fire frå Georgia, Slovenia og Montenegro og tre frå Kviterussland og Russland.[1][3] I tillegg fekk alle land tolv poeng for at ingen skulle stå att utan.[1]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «About Sophia Patsalides» (på engelsk). Junioreurovision.tv. Henta 28. november 2014. 
  2. «General: Official Junior album now available» (på engelsk). escxtra.com. 3. november 2014. Henta 28. november 2014. 
  3. 3,0 3,1 «Sophia Patsalides to represent Cyprus» (på engelsk). Junioreurovision.tv. 

Mal:Songar i Junior Eurovision Song Contest 2014 Mal:Kypriotiske songar i Junior Eurovision Song Contest