I skiftet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bøkene i Dansen gjenom skuggeheimen

I skiftet (1922) er det sjuande bindet i den episke kronologien[1] til romanserien Dansen gjenom skuggeheimen av Kristofer Uppdal. Det er ei direkte vidareføring av handlinga frå den førre romanen, og følgjer Tørber og Mildrianna vidare, han som forbundsleiar og paret som nygifte og busette i ei bygd utanfor hovudstaden. Bygda kan lett gjenkjennast som Asker, der Uppdal sjølv budde. Handlinga vekslar mellom det psykologiske og private i tilhøvet mellom dei to, og det fagpolitiske livet i fagforeininga. Tittelen må forståast i tydinga vendepunktet, noko som vert understreka av Uppdal sitt stikkord til romanen, «krisa».

Ekteskapet vert skildra som uroleg og spent. Mildrianna opplever isolasjon og baksnakk i den nye heimbygda, og kjensla av å ikkje verte sett av ektemannen. Dette slår også tilbake slik at Tørber opplever henne som mistenksam og var for rykte om han. Tørber vert utfordra dels i ekteskapet, og dels av problema og vala han møter i fagforeininga: fraksjonsstrid, leiarkrise og vegval.

Romanen er skriven med stadig skiftande synsvinkel mellom dei ulike personane i handlinga, nokre gonger også med kollektivperspektiv i indre monologar.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Hovudkjelda for omtalane av dei enkelte binda i verket er Leif Mæhle sine føreord til kvart bind i nyutgåva frå 1985–1991 og presentasjonen av romanane på nettstaden uppdal.no