Iaşi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Iaşi
Byvåpenet til Iaşi
Byvåpenet til Iaşi


Plassering
Iaşi is located in Romania
Styresmakter
Land Romania Romania
Fylke Iaşi
Grunnlagd 1408
Borgarmeister Gheorghe Nichita
Geografi
Flatevidd
 - By
 - Storbyområde

93,9 km²
787.8 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2007)
   - folketettleik
 - Storbyområde

315 214
  3 356,9 /km²
402 786
Koordinatar 47°09′44″N 27°35′20″EKoordinatar: 47°09′44″N 27°35′20″E
Tidssone
- Ved sommartid
EET (UTC+2)
EEST (UTC+3)
Diverse annan informasjon
Postnummer 700xxx
Retningsnummer (tlf) +40 x32
Bilnummer IS
Nettstad: www.primaria-iasi.ro

Iaşi (/jaʃʲ/) er ein by og ein kommune nordaust i Romania. Han var hovudstad i Moldavia frå 1500-talet til 1861 og i Kongedømet Romania mellom 1916 og 1918 under den første verdskrigen.

Han er den nest største byen i Romania og eit økonomisk, kulturelt og akademisk senter i regionen Moldavia. Byen har det eldste universitetet i landet og årleg held over 60 000 studentar til på fem offentlege og tre private universitet i byen. Her er meir enn 50 kyrkjer og fem kultursenter. Kulturlivet krinsar om Nasjonalteateret (det eldste i Romania), Operahuset, Det nasjonale filharmoniske orkesteret, Tătăraşi Atenuem, ein botanisk hage (den eldste og største i Romania), Det sentrale universitetsbiblioteket (det eldste i Romania), mange museum og minnehus, eit sjølvstendig teater og fleire studentorganisasjonar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Golia kloster

Rundt 1564 flytta fyrst Alexandru Lăpuşneanu den moldaviske hovudstaden frå Suceava til Iaşi. Mellom 1561 og 1563 vart det grunnlagd ein skule og ei luthersk kyrkje av den greske fyrsten Ioan Iacob Heraclid her. I 1640 grunnla Vasile Lupu den første skulen på morsmålet, og denne erstatta den greske skulen. Han sette òg opp ei boktrykkjarpresse i den austromerske Trei Ierarhi-kyrkja, som vart bygd i 1635–1639. I 1643 vart den første boka som nokon gong vart trykt i Moldavia gjeven ut i Iaşi.

Byen vart brend til grunnen av tatarar i 1513, av omanarar i 1538 og av russiske troppar i 1686. I 1734 vart byen råka av pest.

Med Iaşitraktaten enda den sjette russisk-tyrkiske krigen i 1792. Eit gresk opprør og ein okkupasjon under Alexander Ypsilanti og Filiki Eteria (1821 i byrjinga av den greske sjølvstendekrigen) førte til at tyrkarane storma byen i 1822. I 1844 vart det ein alvorleg bybrann.

Mellom 1565 og 1859 var byen hovudstad i Moldavia, og mellom 1859 og 1862 var både Iaşi og Bucureşti de facto hovudstadar i Dei donauske fyrstedøma. I 1862, då unionen mellom dei to fyrstedøma vart anerkjend under namnet Romania vart hovudstaden Bucureşti aleine. For at regjeringa skulle flytte til Bucureşti bestemte den grunnlovgjevande forsamlinga at det skulle betalast 148 150 lei i ti årlege avdrag til byen, men dette vart aldri gjort.

Dei primitive trehusa i Iaşi vart stort sett rivne ned etter 1860 og erstatta av hus i murstein og stein. Det vart lagt betre gater der det tidlegare hadde vore smale og usanitære vegar.

Under den første verdskrigen vart Iaşi hovudstad i det sterkt reduserte Romania i ein periode på to år etter at Sentralmaktene okkuperte Bucureşti 6. desember 1916. Hovudstaden vart flytta tilbake til Bucureşti etter at Det tyske riket og deira allierte tapte krigen i november 1918.

I mai 1944 var Iaşi åstad for intense kampar mellom rumensk-tyske styrkar og den raude arméen, og delar av byen vart heilt lagde i grus. Dei tyske elitestyrkane i Grossdeutschland divisjon vann ein avgjerande siger i slaget ved Târgul Frumos, nær Iaşi. Slaget vart studert fleire gonger av NATO under den kalde krigen. I juli hadde sovjetiske styrkar likevel teke over Iaşi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Kjelder i tekst[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Iaşi