Iaal
Iaal | |||
ايعال | |||
landsby | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Nord guvernement | ||
Distrikt | Zgharta distrikt | ||
Høgd | 281 moh. | ||
Koordinatar | |||
Areal | 2,89 km² | ||
Folketal | 1 000 (2010) | ||
Folketettleik | 346 / km² | ||
Borgarmeister | Ahmad Elmir (sidan 2004) | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
- Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Retningsnummer | +961 | ||
![]() Iaal | |||
Iaal (arabisk ايعال), òg skrive Ī`āl eller I’aal, er ein gammal landsby i Libanon kring 12 km søraust for Tripoli, 85 km frå Beirut og 5 km frå Zgharta.[1][2] Han ligg i Zgharta distrikt i Nord guvernement ved foten av Libanonfjella og har ein veg som går opp i jella, parallelt til Wadi Iaal.[3] Det ligg ei borg på ein åstopp i sentrum av landsbyen.[4][5] Iaal festning vart bygd i 1816 av Mustafa Agha Barbar (guvernør i Tripoli under osmanarane frå 1798) fordi området vart rekna som strategisk med tanke på utsikta, som strekkjer seg heilt til kysten av Middelhavet. Andre bygg i Iaal er mellom anna moskéen langs vegen opp i fjella, kalla Masjid al-Taqwa (arabisk for «Fromheitsmoskeen»), bygd i 1994.[6] Det ligg ein moské til innafor festninga.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Iaal var busett før Barbar bygde festninga, noko ei osmansk folketeljing frå 1555 syner. Denne synte at det var 34 menn i landsbyen på denne tida (kvinner vart ikkje talde).[7]
Jordbruk[endre | endre wikiteksten]
Området kring Iaal får vatn frå Iaal-dammen og elva som flyt ut frå Wadi Iaal.[8] Dette gjer området frodig og byen er kjend for dei mange oliventrehagane.[9]
Klima[endre | endre wikiteksten]
Klimaet i Iaal er middelhavsklima med ein god del regn og milde vintrar, og varme, tørre somrar. Årsmiddelnedbøren er 810 mm.
Klimadata for Iaal, Libanon | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Månad | Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År |
Normal maks. temp. °C | 16 | 16 | 19 | 22 | 25 | 27 | 29 | 30 | 29 | 27 | 22 | 18 | 23 |
Døgnmiddeltemp. °C | 12 | 12.5 | 14.5 | 17.5 | 20.5 | 23 | 25.5 | 26.5 | 24.5 | 22 | 17.5 | 14 | 19,2 |
Normal min. temp. °C | 8 | 9 | 10 | 13 | 16 | 19 | 22 | 23 | 20 | 17 | 13 | 10 | 15 |
Kjelde: Kfarsghab.net[10] |
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Iaal, Lebanon» frå Wikipedia på engelsk, den 20. september 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Google Maps: Iaal
- ↑ Iaal's location
- ↑ Wādī Ī`āl
- ↑ Iaal festning photo
- ↑ Iaal festning
- ↑ The photo is of the Mosque at Iaal «Masgid Al Taqwa» built in 1994
- ↑ 1555 Iaal census, arkivert frå originalen 2008-05-17, henta 20. september 2014
- ↑ PARTICIPATORY WATER SAVING MANAGEMENT AND WATER CULTURAL HERITAGE: LEBANON COUNTRY REPORT, by K. KARAA, F. KARAM, N. TARABEY, s. 190-191, in Fig, 2. Sites of the Master Plan’s main storage structures and Table 5. Ten Years Master Plan for Dams and ponds construction.
- ↑ Towns and Villages Neighbouring Tripoli Libanon: I'aal
- ↑ «Iaal's climatic conditions can be equated with those of Morh Kfarsghab, due to sistnemndes close proximity to Iaal». Kfarsghab.net. 2006. Arkivert frå originalen 2016-03-25. Henta 20. september 2014.