Iain M. Banks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Iain M. Banks
IainBanks2009.jpg
Fødd 16. februar 1954
Dunfermline
Død

9. juni 2013
Kirkcaldy

Iain M. Banks på Commons

Iain Menzies Banks (16. februar 19549. juni 2013)[1] var ein skotsk forfattar som skreiv sciencefictionbøker som Iain M. Banks og anna slags skjønnlitteratur som Iain Banks. Den første skjønnlitterære romanen hans var The Wasp Factory. Som sciencefictionforfatter er han kjend for Cultureserien som han har bygge opp gjennom ei rekke bøker.

Banks studerte engelsk språk og filosofi ved universitetet i Stirling. Han gifta seg i 1992 og budde i North Queensferry, ein by på nordsida av Firth of Forth. I seinare år var Banks ein forkjempar for skotsk sjølvstende. Etter den britiske deltakinga i okkupasjonen av i Irak i 2003 støtta han også kampanjen for å stille den britiske statsministeren Tony Blair for riksrett. I protest skar han opp sitt britiske pass og postla det til Downing Street 10 (statsministerboligen).[2]

3. april 2013 blei det kjent at Iain Banks hadde fått diagnosen gallekreft med spreiing.[3] Han døydde berre to måneder seinare, 9. juni 2013.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Iain Banks dies of cancer aged 59», BBC News, 9. juni 2013.
  2. Sørgjerd, Christian: «Forfatteren Iain Banks er død», Aftenposten 9.juni 2013
  3. A Personal Statement from Iain Banks. 3. april 2013.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]