Ian Callaghan
Ian Callaghan | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 10. april 1942 (81 år) Toxteth |
Idrett | fotball |
Tok del i | |
Utmerkingar |
medlem av Den britiske imperieordenen |

Ian Robert Callaghan (fødd 10. april 1942) er ein engelsk tidlegare fotballspelar som frå 1960 til 1978 spelte for Liverpool FC. Han var med om å vinne fem ligameisterskap i tida 1964-77, FA-cupen 1965 og 1974, UEFA-cupen 1973 og 1976 og Europacupen 1977. Callaghan spelte 640 ligakampar for Liverpool, meir enn nokon annan. Han skåra 49 ligamål.
Karriere[endre | endre wikiteksten]
Klubbspel[endre | endre wikiteksten]
Callaghan var i mange sesongar vengspelar på Liverpool, siste åra spelte han i ei offensiv midtbanerolle. Han fekk sin debut vinteren 1960 då Liverpool tevla i andredivisjon. Våren 1964 vann Liverpool ligameisterskapen, i ein sesong der Callaghan spelte alle ligakampane. To år seinare gjentok Callaghan og Liverpool prestasjonane og sikra ein ny ligatriumf. I mellomtida sigra Liverpool med 2–1 over Leeds United i FA-cupfinalen 1. mai 1965. Frå 1972 hevda Liverpool seg heilt i toppen av engelsk og europeisk fotball. Callaghan var med då klubben i 1973 vann både ligameisterskapen og UEFA-cupen, FA-cupen 1974, i 1976 så vel ligameisterskapen som UEFA-cupen, samt våren 1977 då laget vann både ligaen og europacupfinalen, den siste etter siger 3–1 over Borussia Mönchengladbach på Stadio Olimpico i Roma.
Frå 1978 til -80 var Callaghan Swansea-spelar, var med å rykke opp frå tredjedivisjon i 1979.
Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]
Callaghan spelte 4 landskampar for England, 2 sommaren 1966 og 2 hausten 1977. Han var med i VM-troppa 1996 og spelte mot Frankrike i gruppespelet. Ingen landslagsmål.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Ian Callaghan» frå Wikipedia på engelsk, den 15. mai 2021.
- eu-football