Ian Hill

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ian Hill
Priest feast 36 - Ian Hill.jpg
Fødd20. januar 1951 (68 år)
FødestadWest Bromwich i England
FødenamnIan Frank Hill
OpphavStorbritannia
Aktiv1969 til i dag
SjangerHeavy metal, speed metal, hard rock
InstrumentBassgitar
Kjende instrumentSpector bass, Fender Jazz Bass
Tilknytte artistarJudas Priest
PlateselskapColumbia
Verka sombassist, musikar, gitarist

Ian Frank Hill (fødd 20. januar 1951) er ein engelsk musikar, mest kjend som bassist i heavy metal-bandet Judas Priest.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Hill lærte seg å spele kontrabass frå faren, som spelte bass i lokale jazzband. Faren døydde då han var femten år gammal. I 1970 var Hill saman med skulekameraten K.K. Downing med å skipe det banebrytande heavy metal-bandet Judas Priest. Han har spelt bassgitar i bandet sidan den gongen, og er i dag det einaste originale medlemmet som er att, etter at Downing slutta i 2011.

Hill er kjend for den stødige og melodiske basspelinga, som var ein ideell bakgrunn for dei doble gitarane til K.K. Downing og Glenn Tipton, i lag med den opera-aktige vokalen til Rob Halford. I tidlege år med bandet spelte han bass med fingrane, men brukte seinare plekter. Det var Hill som henta Rob Halford inn i Judas Priest. Dei to møtte kvarandre då Hill var kjæraste med syster til Halford og nemnde at han trengde ein ny vokalist for bandet. Halford slutta i det førre bandet sitt, Hiroshima, og tok med seg trommeslagaren John Hinch, som seinare måtte gå frå bandet eitt album fordi han ikkje var god nok.

Hill gifta seg med syster til Rob Halford, Sue, i 1976, men dei skilde seg i 1984. I lag har dei sonen Alex som vart fødd i 1980. Hill budde seinare i Florida og gifta seg på ny. Dei har ei dotter i lag. Han bur i dag i Staffordshire i England.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]