Ian Holm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ian Holm

Fødd12. september 1931
FødestadGoodmayes
Død19. juni 2020 (88 år)
DødsstadLondon
FødenamnIan Holm Cuthbert
Aktive år1958–2014
Verka somfilmskodespelar, teaterskodespelar, fjernsynsskodespelar, skodespelar
EktefellePenelope Wilton
BornBarnaby Holm
PrisarLaurence Olivier Award, kommandør i den britiske imperieorden, Annie Award, Tony Award for Best Featured Actor in a Play, Knight Bachelor

Sir Ian Holm (fødd Ian Holm Cuthbert12. september 1931 i Goodmayes i Essex) er ein engelsk skodespelar som er kjend frå teaterverk og mange filmroller. Han mottok ein Tony Award i 1967 for beste mannlege skodespelar for opptredenen som Lenny i The Homecoming og ein Laurence Olivier Award for beste mannlege skodespelar i 1998 for tittelrolla i King Lear. Han vart nominert til Oscar-prisen i 1981 for birolla som friidrettstrenaren Sam Mussabini i Ildvognene. Andre velkjende filmroller han har spelt er Ash i Alien, Fader Vito Cornelius i Det femte element og hobbiten Bilbo Lommelun i Peter Jackson sine filmatiseringar av Ringdrotten og Hobbiten av J.R.R. Tolkien.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Ian Holm Cuthber var fødd av skotske foreldre i Goodmayes i Essex.[1] Mora, Jean Wilson (fødd Holm) var sjukepleiar og faren, James Harvey Cuthbert var psykiater og ein av pionerane for elektrosjokkterapi.[2][3] Han hadde ein storebror, Eric, som døydde i 1943. Ian Holm gjekk på den uavhengige skulen Chigwell School i Essex. Foreldra hans flytta til Mortehoe i Devon og deretter Worthing der Ian blei med i ei dramaforeining.[4] Eit besøk til tannlegen førte til at han fekk helsa på Henry Baynton, ein vidkjend Shakespeare-skodespelar som hjelpte Holm å trena seg opp til å bli tatt inn på Royal Academy of Dramatic Art, der han sikra seg ein plass i 1949. Studia hans blei avbrotne eitt år seinare då han blei innkalla til militærteneste i den britiske hæren. I denne tida vart han stasjonert i Klagenfurt i Austerrike og vart forfremja til visekorporal. Studia vart avbrotne for andre gong då han melde seg frivillig til å reisa på skodespelarturné i USA i 1952.[4] Holm vart endeleg uteksaminert frå RADA i 1953. I studietida hadde han blitt tilbode «spydberar»-roller ved teateret i Stratford. Han vart tildelt stadig viktigare roller og blei verande der i 13 år.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Holm var ei etablert stjerne ved Royal Shakespeare Company i Stratford før han gjorde sitt inntog på fjernsyn og film. I 1965 spelte han Richard III in BBC-serien The Wars of The Roses, basert på RSC-produksjonen av skodespela, og gradvis vart han eit kjent namn med mindre roller i filmar som Å, for en herlig krig (1969), Nicholas and Alexandra (1971), Mary, Queen of Scots (1971) og Young Winston (1972). I 1967 vann han ein Tony Award for beste mannlege skodespelar som Lenny i The Homecoming av Harold Pinter. In 1977 var Ian Holm med i miniserien Jesus fra Nasaret som saddukearen Zerah og spelte ein skurkaktig marokkanar i March or Die. Året etter spelte han J.M. Barrie i den prisvinnande BBC-serien The Lost Boys, der sonen hans, Barnaby Holm spelte den unge George Llewelyn Davies.

In 1981 spelte han Frodo Lommelun i ein radioversjon av Ringdrotten av J.R.R. Tolkien.[5]

Holms første filmrolle som fekk ringverknader var som den svikefulle androiden Ash i filmen Alien (1979) av Ridley Scott. Måten han portretterte Sam Mussabini på i Ildvognene (1981), gjorde han fortent til ein spesialpris under Filmfestivalen i Cannes og ein Oscar-nominasjon for beste mannlege skodespelar i ei birolle. Heime i England vann han BAFTA-prisen i same kategori for same film. I 1980-åra hadde han minneverdige roller i Time Bandits (1981), Greystoke: Legenden om Tarzan, apenes konge (1984) og Terry Gilliams Brazil (1985). Han spelte forfattaren av Alice i Eventyrland, Lewis Carroll, fantasifilmen Dreamchild (1985) der Dennis Potter hadde skrive manus.

I 1989 vart Holm nominert til ein BAFTA for TV-serien Game, Set and Match. Serien er basert på romanane av Len Deighton og fortel historia om ein offiser (Holm) som oppdagar at hans eiga kone er ein fiendtleg spion. Han heldt fram med å framføra Shakespeare, og spelte saman med Kenneth Branagh i filmen Henry V (1989) og spelte Polonius i Mel Gibson-versjonen av Hamlet (1990). Holm og Branagh samarbeidde på nytt i [[Mary Shelley's Frankenstein (1994), der han spelte Victor Frankenstein, faren til Branaghs rollefigur.

Holm vart stadig meir kjend i løpet av 1997 då han spelte to prominente roller, som den stressa, men fintfølande presten Vito Cornelius i Det femte element og den forpinte advokaten i Den søte ettertid. I 2001 spelte han i From Hell som legen William Withey Gull. Same året portretterte han Bilbo Lommelun i den banebrytande filmen Ringenes herre: Ringens brorskap. He gjorde ein ny opptreden i den siste filmen i trilogien; Ringenes herre: Atter en konge (2003). For dette vann han ein delt heiderspris frå Screen Actors Guild tildelt skodespelarane i filmen. Han gjentok rolla som den eldre Bilbo Lommelun i filmane Hobbiten: En uventet reise (2012) og Hobbiten: Femhærerslaget (2014).

Holm har to gonger blitt nominert til Emmy-prisen. Ein gong for ei kringkasting av ei oppsetning av King Lear i 1999, og ein annan gong for ei birolle i HBO-filmen The Last of the Blonde Bombshells med Judi Dench i 2001. Holm har lese inn voice-over for mange britiske fjernsynsdokumentarar og reklamar.

Ian Holm har vore med i to David Cronenberg-filmar: Naken lunsj (1991) and eXistenZ (1999). Han var favorittskodespelaren til Harold Pinter, dramatikaren som ein gong utbraut: «Han tek på seg skoen min, og han passar!»[6] Holm spelte Lenny i uroppsetninga av Pinters meisterverk The Homecoming.

Holm har spelt Napoleon Bonaparte tre gonger: fyrst i fjernsynsserien Napoleon and Love (1972); deretter i Terry Gilliams komiske Time Bandits (1981) og til slutt, i 2001, spelte han den falne leiaren i eksil i filmen The Emperor's New Clothes.

Personleg liv[endre | endre wikiteksten]

Ian Holm har vore gift fire gonger.[7] Dei fyrste tre ekteskapa hans enda i skilsmisse. I 1991 gifte han seg med si tredje kone, skodespelaren Penelope Wilton, i Wiltshire.[8] Dei spelte saman i fjernsynsserien The Borrowers (1993) på britisk TV. Dei skilde seg i 2001.[7] I dag er han gift med kunstnaren Sophie de Stempel, som har lært av og sete modell for Lucian Freud.

Ian Holm har fem born; tre døtrer, (Jessica, Sarah-Jane and Melissa) og to søner (Barnaby og Henry) med tre kvinner, inkludert dei fyrste to av dei fire konene hans.[7]

Holm vart behandla for prostatakreft i 2001.[7]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Engelsk Wikipedia oppgav desse fotnotane:

  1. «Ian Holm Biography». filmreference. 2008. Henta 22 juni 2015. 
  2. «Ian Holm». Channel 4 Film. 2008. Henta 22 juni 2015. 
  3. «Ian Holm – Family and Companions». Yahoo!7 Movies. 2008. Arkivert frå originalen 14. januar 2006. Henta 22 juni 2015. 
  4. 4,0 4,1 Ian Holm with Steven Jacobi (2004). Acting My Life – Ian Holm. Bantam Books. ISBN 978-0-593-05214-3. 
  5. «The Tolkien Library review of the Lord of the Rings Radio Adaptation». 
  6. Brantley, Ben. THEATER REVIEW; Talk About a Reality Show. A Pinter Classic Is It. The New York Times 21 July 2001.
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 Holm, Ian; Jacobi, Steven (2004). Acting my Life. London: Bantam Press. s. 220, 224, 313ff. ISBN 0-593-05214-5. 
  8. England and Wales Marriages 1984–2005, arkivert frå originalen 4. november 2015, henta 22. juni 2015