Ian Lloyd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ian Lloyd

Lloyd på scenen i 2011
Fødd1947 (77 år)
FødenamnLloyd Buonconsiglio
OpphavUSA
Sjanger
Instrument
Tilknytte artistar
Verka somSongar, låtskrivar, musikar

Ian Lloyd (fødd i 1947 som Lloyd Buonconsiglio) er ein USA-amerikansk rockesongar og låtskrivar, mest kjend som frontmann i bandet Stories, som med singelen «Brother Louie» gjekk til topps på Billboard Hot 100 i 1973.[1]

I 1971 skipa Michael Brown og Ian Lloyd Stories. Dei gav ut to album (Stories og About Us) og fekk fleire hittar på Billboard Top 100. Brown slutta før bandet spelte inn det tredje og siste albumet sitt (Traveling Underground) som kom ut under namnet «Ian Lloyd and Stories». Etter Stories satsa Lloyd på ein solokarriere. Lloyd har spelt med mange andre artistar som studiomusikar, som Foreigner, Billy Joel, Peter Frampton og Yes.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Soloalbums[endre | endre wikiteksten]

  • 1976 Ian Lloyd (Polydor)
  • 1979 Goose Bumps (Scotti Bros. Records)
  • 1979 Love Stealer (Scotti Bros. Records, japansk versjon av «Goose Bumps»)
  • 1980 3WC* (òg kjend som Third Wave Civilization) (Scotti Bros. Records)
  • 1997 Planet X (Efa Records)
  • 2009 In The Land of O-de-Po (Machine Dream)

Med Stories[endre | endre wikiteksten]

  • 1972 Stories (Kama Sutra) #182 utgjeve juni 1972
  • 1973 About Us (Kama Sutra) #29
  • 1973 Traveling Underground (Kama Sutra) #208

Med Fast Forward[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. US Top 100 Music Hits (25. august 1973). «Brother Louie». Billboard website. Henta 7. mai 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]