Ian McDonald

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om multiinstrumentalisten. For folkrockmusikaren, sjå Iain Matthews.
Ian McDonald

Ian McDonald i 2009
Fødd25. juni 1946 (77 år)
FødestadOsterley i Middlesex
Død9. februar 2022
DødsstadNew York by
OpphavStorbritannia
Aktiv1960-åra til i dag
Sjangerrock
InstrumentSaksofon, fløyte, gitar, klaverinstrument, vibrafon
Tilknytte artistarKing Crimson
Foreigner
Verka somsaksofonist, gitarist, multiinstrumentalist, musikar, komponist, musikkprodusent

Ian McDonald (fødd 25. juni 1946) er ein engelsk multiinstrumentalist som er mest kjend for å ha vore med å starte det progressive rockebandet King Crimson i 1969 og hardrockbandet Foreigner i 1976. Han er òg ein mykje nytta studiomusikar, hovudsakleg som saksofonist. Han spelar òg fløyte, vibrafon, klaverinstrument og gitar.

Med King Crimson spelte han på debutalbumet In the Court of the Crimson King. Like etter forlet McDonald og trommeslagar Michael Giles bandet og danna ei gruppe som gav ut albumet McDonald and Giles. Han dukka opp att i King Crimson i 1974 og var meint å bli fulltidsmelem, men fekk aldri høve fordi Robert Fripp valde å legge ned gruppa.

Han var så med på å danne bandet Foreigner i 1976, der han spelte gitar, samt treblåseinstrument og klaverinstrument.[1] Han har òg spelt som studiomusikar og deltok på hitsingelen «Get It On (Bang a Gong)» av T. Rex, og innspelingar av Linda Lewis og Christine Harwood. I 1999 gav han ut soloalbumet Drivers Eyes.

I 2002 var han med å starte 21st Century Schizoid Band saman med andre tidlegare King Crimson-medlemmar.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Med King Crimson[endre | endre wikiteksten]

Med McDonald and Giles[endre | endre wikiteksten]

Med Fruupp[endre | endre wikiteksten]

  • Modern Masquerades (1975)

Med Foreigner[endre | endre wikiteksten]

Med Steve Hackett[endre | endre wikiteksten]

Med John Wetton[endre | endre wikiteksten]

Solo album[endre | endre wikiteksten]

Med 21st Century Schizoid Band[endre | endre wikiteksten]

Med Waking in the Blue[endre | endre wikiteksten]

  • Isn't It Pretty to Think So (2003)

Med Keith Tippett's Centipede[endre | endre wikiteksten]

Filmmusikk[endre | endre wikiteksten]

Som produsent eller gjestemusikar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tobler, John (1992). NME Rock 'N' Roll Years (1st utg.). London: Reed International Books Ltd. s. 318. CN 5585.