Ian McKellen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ian McKellen

Statsborgarskap Storbritannia, engelskmenn
Fødd 25. mai 1939 (84 år)
Burnley
Yrke stemmeskodespelar, teaterskodespelar, filmskodespelar, skodespelar, fjernsynsskodespelar, manusforfattar
Språk engelsk
Medlem av American Academy of Arts and Sciences
Religion ateisme
Partnar Sean Mathias
Nettstad http://www.mckellen.com/
Ian McKellen på Commons
Ian McKellen på San Diego Comic-Con i 2013.
Foto: Gage Skidmore.

Sir Ian Murray McKellen (fødd 25. mai 1939 i Burnley i Lancashire) er ein prisløna engelsk skodespelar. Han var ein av dei leiande teaterskodespelarane i Storbritannia frå slutten av 1960-åra,[1] men han har spela i fjernsyn og film om lag like lenge.[2] I seinare år har Ian McKellen vorte mest kjend i rolla som Magneto i X-men-filmserien og i rolla som Gandalv både i Ringdrotten-trilogien og i Hobbiten-trilogien, begge regisserte av Peter Jackson.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Ian McKellen tok til å spela teater allereie på college, men den fyrste profesjonelle rolla hans var på Belgrade Theatre i 1961. Han spela mykje på ulike teater i 1960-åra, og blei ein velkjend teaterfigur utover 1970- og 80-talet. Då spelte han ofte på både Royal Shakespeare Company og Royal National Theatre, mellom anna i tittelrolla i Macbeth og i rolla som Iago i Othello. Han spela også i fleire Shakespeare-stykke for fjernsyn.[3]

McKellen vart også brukt i fleire større spelefilmar frå og med 1980-talet. I 1998 vart han nominert til Oscar-prisen for beste mannlege skodespelar for rolla som James Whale i filmen Gods and Monsters, regissert av Bill Condon. Kort tid etter spela han teikneserieskurken Magneto for fyrste gong, i filmen X-men (2000). Deretter reiste McKellen til New Zealand for å spela Gandalv i Ringenes Herre: Ringens brorskap (2001) og Ringenes Herre: To tårn (2002). Ringenes Herre: Atter en konge kom ut i 2003, same året som X-men 2 kom ut. Han vart nominert til Oscar for beste mannlege skodespelar i birolle for Gandalv i Ringens brorskap, og fekk heider frå Screen Actors Guild for den same rolla. McKellen spela også inn stemma til Gandalv i fleire videospel basert på Ringdrotten-filmane.

I 2006 kom både Da Vinci-koden, der McKellen spelte Sir Leigh Teabing, og X-Men: The Last Stand, der han spelte Magneto. McKellen takka også ja til å spela Gandalv i Hobbiten-trilogien til Peter Jackson. Dei tre hobbiten-filmane kom ut i 2012, 2013 og 2014. I 2014 kom også X-men: Days of Future Past ut, der McKellen delte rolla som Magneto med Michael Fassbender. Fassbender spelte ein yngre versjon av den same personen. I 2015 kom filmen Mr. Holmes ut, der McKellen portretterer ein aldrande Sherlock Holmes.[4]

I løpet av karrieren sin har McKellen teke i mot seks Laurence Olivier-prisar, ein Tony Award, ein Golden Globe og ein Screen Actors Guild Award, med meir. I 1979 vart han gjort til kommandør av Den britiske imperieordenen og i 1991 vart han adla for sitt bidrag til den utøvande kunsten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]