Ian Rush

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ian Rush
Ian Rush i 2010
Personleg informasjon
Fullt namn Ian James Rush
Fødselsdato 20. oktober 1961 (62 år)
Fødestad St. Asaph i Wales
Posisjon Angrepsspelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1978-1980 Chester City 34 (14)
1980-1986 Liverpool 182 (109)
1986-1988 Juventus 29 (7)
1986-1987Liverpool (lån) 42 (30)
1988-1996 Liverpool 245 (90)
1996-1997 Leeds 36 (3)
1997-1998 Newcastle 10 (0)
1998Sheffield United (lån) 4 (0)
1998-1999 Wrexham 17 (0)
1999-2000 Sydney United 3 (1)
Totalt 602 (346)
Landslag
1980-1996 Wales 73 (28)
Trenar for
2004-2005 Chester City
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Ian James Rush (fødd 20. oktober 1961) er ein britisk-walisisk tidlegare fotballspelar. Gjennom to periodar som spelar i Liverpool FC var han med om å vinne både den engelske ligaen, FA-cupen og den engelske ligacupen fleirfaldige gongar. Største triumfen for Rush kom då Liverpool sigra i Europacupen 1984. Han skåra i alt 229 ligamål for Liverpool FC, fordelt på 469 kampar. Rush var med i 73 av Wales sine landskampar i tida 1980-86.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Rush var aktiv for Chester City i engelsk tredjedivisjon i to sesongar 1978-80. Etter å ha vorte overført til Liverpool FC mot 300 000 pund, fekk han sin ligadebut i 1. divisjon den 13. desember 1980. Fyrst i 1981/82-sesongen fekk han fast plass på ligalaget, ein sesong som enda med ligapokal og siger i ligacupen, to triumfar Rush og Liverpool gjentok dei to neste sesongane. Våren 1984 triumferte Liverpool-spelarane også i ei tredje turnering, med di dei vann finalen i europacupen. I 1986 vart Rush ligameister for fjerde gong, og han skåra to av måla i FA-cupfinalen då Everton FC vart slått 3-1 på Wembley stadion.

Etter ein lite vellukka 1987/88-sesong i italienske Juventus, drog Rush tilbake til Liverpool FC. Den 20. mai 1989 vart han matchvinnar med sine to nettkjenningar då Liverpool FC vann 3-2 over Everton i FA-cupfinalen. Sidan deltok han då Liverpool gjekk til topps i ligaen i 1990 og sigra i FA-cupen 1992. I mars 1995 mottok Rush sin 13. og siste turneringspokal gjennom Liverpool-siger i ligacupen. Rush var innbytar då Liverpool FC tapte FA-cupfinalen 1996 mot Manchester United, hans aller siste kamp i Liverpool-drakt.

Siste åra som profesjonell fotballspelar, 1966-99, vandra han frå Leeds United til Newcastle United, vidare til Sheffield United og Wrexham AFC.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Rush spelte 73 landskampar for Wales i tida frå mai 1980 til januar 1996. Han skåra 28 mål. Wales kvalifiserte seg ikkje til noko meisterskaps-turnering i denne perioden.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av Europacupen: 1984 med Liverpool FC
  • Engelsk ligameister: 1982, 1983, 1984, 1986 og 1990 med Liverpool FC
  • Vinnar av FA-cupen: 1986, 1989 og 1992 med Liverpool FC
  • Engelsk ligacupmeister: 1982, 1983, 1984 og 1995 med Liverpool FC

Kjelder[endre | endre wikiteksten]