Ian St John

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ian St John

Ian St John (1966).jpg

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 7. juni 1938
Motherwell
Død

1. mars 2021 (82 år)
Arrowe Park

Idrett fotball

Ian St John (7. juni 19381. mars 2021) var ein skotsk fotballspelar frå Motherwell. Han var senterløpar på Motherwell FC og seinare Liverpool FC, i den siste klubben var han med om å vinne to ligameisterskap og FA-cupen 1965.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Ian St John var Motherwell-spelar frå 1957. Sommaren 1961 vart han overført til Liverpool FC. I hans fyrste sesong på laget, vart det opprykk frå 2. divisjon. Våren 1964 gjekk Liverpool til topps i den engelske ligaen. Året etter skåra St John sigersmålet då Liverpool vann FA-cupfinalen med 2-1 over Leeds United. Våren 1966 vart han ligameister for andre gong, i finalen i Cupvinnarcupen 1966 vart det derimot tap 1-2 mot Borussia Dortmund. I 1970 vart han vraka frå Liverpool-troppa. sesongane 1971/72 og 1972/73 gjorde han lite av seg i høvesvis Coventry City og Tranmere Rovers. Sommarane i mellom spelte han fotball i Sør-Afrika.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

I tida frå mai 1959 til april 1965 spelte Ian St John 21 landskampar for Skottland. Han var med då det skotske landslaget tapte 3-4 mot Noreg på Brann stadion i Bergen den 4. juni 1963. Han skåra i alt 8 landslagsmål.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]