Ibaraki prefektur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart over Japan med Ibaraki markert med raudt.

Ibaraki prefektur (japansk 茨城県, Ibaraki-ken) er eit prefektur i Japan som ligg på øya Honshu, i Kanto-regionen. Residenshovudstaden er Mito. Andre byar er Chikusei, Takahagi og Ibaraki.

Prefekturet dekker 6 096 km2[1] og har 2 960 000 innbyggjarar (2009).[2]

Ibaraki er kjend som opphavsstaden til kampsporten aikido, som blei grunnlagd av Ueshiba Morihei. Ueshiba levde siste delen av livet sitt i Iwama der han grunnla ein dojo og eit tempel. I Mito finst ein berømd hage, Kairakuen, med over 3 000 japanske plommetre. I Mito, Kasama og Yuki finst òg slottsruinar.

Ibaraki er elles kjend for natto (gjæra soyabønner) frå Mito, vassmelon frå Kyowa og kastanjar frå Nishiibaraki-regionen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Statistics Bureau (30. juni 2010), «1.7 Area by Prefecture», Japan Statistical Yearbook 2011 
  2. Statistics Bureau (30. juni 2010). «2.3 Population by Prefecture». Japan Statistical Yearbook 2011. Henta 22. mars 2011. 
Spire Denne geografiartikkelen som har med Japan å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.