Ibb guvernement

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ibb
إب
guvernement
Land  Jemen
Koordinatar 13°57′N 44°11′E
Hovudstad Ibb
Areal 6 484 km²
Folketal 2 560 000  (2011)[1]
Folketettleik 395 / km²
Kart
Ibb guvernement
13°57′0″ N 44°10′0″ E
Wikimedia Commons: Ibb Governorate

Ibb (arabisk إب, Ibb) er eit guvernement i Jemen. Det ligg i innlandet sør i landet med Ta'izz guvernement i sørvest, Ad Dali' guvernement i søraust, Dhamar guvernement i nord, og korte grenser til Al Bayda' guvernement i aust og Al Hudaydah guvernement i vest. Det har eit areal på 5 344 km² og eit folketal estimert til kring 1 665 000 i 2004, som gjer det til det tettast folkesette guvernementet i Jemen utafor San'a by.

Det administrative senteret er Ibb, som i lag med Jibla er viktige historiske byar. Provinsen har mange turistmål som Yareem, Ba'dan og Al-Sabrah. Ibb ligg på sørvestsida av skrenten opp til dei jemenittiske høglanda, med bratte fjell til Ta'izz og kystsletta Tihama. Det er òg imponerande utsyn mot det 3 070 meter høge Jebel Sabir i sør.

Landsbygda i Ibb guvernement.

Området fangar den sørvestleg monsunen i dei øvre luftlaga frå april til oktober og er det våtaste området i heile Arabia. Årsmiddelnedbøren er truleg over 1 000 mm og somme estimat gjev så mykje som 1 500 mm. Det er lite regn frå november til februar, men resten av året kjem det minst 100 mm kvar månad. Temperaturane er høge, i snitt kring 30 °C om dagen, medan nettene er kjølige.

På grunn av det rike regnfallet, er Ibb kjend som «den frodige provinsen». Nesten heile området av guvernementet utafor byområda er dyrka opp, trass i det bratte terrenget, og mange av avlingane er store for eit så lite område. Khat er særleg viktig, men kveite, bygg, sesam og durra er dei viktigaste matkjeldene for folk utafor Ibb by. Sofistikerte system for å lagre og fordele vatn gjer at avlingane kan dyrkast i tørketida òg.

Det velutvikla jordbruket gjer at Ibb har ein særs tett folkesetnad på landsbygda, med så mange som opp til 500 personar per kvadratkilometer i dei våtaste områda.

Distrikt[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Statistical Yearbook 2011». Central Statistical Organisation. Arkivert frå originalen 9. oktober 2012. Henta 28. mai 2016.