Iben Akerlie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Iben Akerlie
Fødd5. mars 1988 (36 år)
FødestadOslo
FødenamnIben Marie Akerlie
Aktive år2002–
Verka somskodespelar, skribent
SambuarJakob Oftebro, Jakob Fort

Iben Marie Akerlie (fødd 5. mars 1988) er ein norsk skodespelar og barnebokforfattar frå Oslo som har medverka i fleire filmar. Ho debuterte som forfattar hausten 2016 med barneboka Lars er LOL.[1] I 2016 fekk ho ARKs barnebokpris for denne boka.

Akerlie har spelt i kortfilmen Bulle berre bur her som er laga av Sirin Eide. I 2001 spelte ho i filmen Glasskår, basert på Harald Rosenløw Eeg sin roman med same tittel, der ho hadde ei lita rolle som jenta Wendy. Ho spelte tittelrolla i spelefilmen Victoria, ei filmatisering av Knut Hamsun sin roman . I 2017 var ho med i filmen Rett vest og i 2019 De dødes tjern.

I 2016 hadde ho rolla som dottera til statsministeren i sesong 2 av NRK-serien Mammon. Året etter var ho med i TV 2-krimserien Kvar er Thea?[2][3]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Lars er LOL – barnebok, Aschehoug 2016
  • Kjempefesten – barnebok, Aschehoug 2019
  • Sommeren alt skjedde – barnebok, Aschehoug 2022

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «aschehoug.no». Arkivert frå originalen 24. juni 2018. Henta 10. september 2016. 
  2. Bøe, Tor Martin (6. oktober 2017). «TV-anmeldelse «Hvor er Thea?»: Lettvint seriekrim» (på norsk). Henta 14. juni 2019. 
  3. Aune, Oddvin (25. november 2015). «Tøff politisk maktkamp i ny Mammon-sesong» (på norsk). NRK.no. Arkivert frå originalen 15. februar 2016. Henta 15. februar 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Iben Akerlie