Iberomaurusisk kultur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Utstrekking av iberomaurusuisk (grønt felt) og seinare capsienkultur.

Iberomaurusisk kultur er ei arkeologisk nemning for ein steinalderkultur som fanst i Nord-Afrika under den siste istida, for rundt 16 000 år sidan (eller vidare, for mellom 20 000 og 10 000 år sidan). Klimaet i Nord-Afrika på denne tida var kaldare enn no, det voks mellom anna eik og furu der.

Av iberomaurusiske reiskapar er det særleg funne mange einegga blad. Leivningar funne med iberomaurusiske reiskapar tyder på at menneska høyrde til ei nordafrikansk grein av Cro Magnon-menneska. Dei jakta særleg på mankesau.

Namnedelen «ibero» viser til eit tenkt samband med den spanske magdalénienkulturen, som var på om lag same tid og hadde mange like trekk. Seinare undersøkingar peiker meir mot at kulturen stammar frå Nildalen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]