Ibra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ibra
arabisk skrift ابراء
by
Land  Oman
Guvernement Ash Sharqiyah Nord guvernement
Koordinatar 22°41′N 58°33′E / 22.683°N 58.550°E / 22.683; 58.550
Folketal 25 265  (2008)
Tidssone Oman standardtid (UTC+4)
Kart
Ibra
22°41′00″N 58°33′00″E / 22.683333333333°N 58.55°E / 22.683333333333; 58.55
Wikimedia Commons: Ibra

Ibra er den nest største byen i Ash Sharqiyah Nord guvernement i Oman. Han ligg kring 170 km frå Muscat og har kring innbyggjarar.

Ibra er ein av dei eldste byane i Oman og var ein gong eit senter for handel, religion, utdanning og kunst. Ibra er heimstaden til den store Al-Harthy-stamma, ei av dei største og mektigaste stammene i Oman.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ibra vart grunnlagd i før-islamsk tid og har mange borger og gamle moskear.

Ibra har blitt ein meir moderne by sidan 1970 under regjeringstida til sultan Qaboos.

Geografi og klima[endre | endre wikiteksten]

Ibra er omgjeven av fjell på begge sider. Frå november til mars er klimaet relativt kjølig med temperaturar ned mot 10 ºC i desember. Om sommaren er klimaet heitt og tørt, med temperaturar opp mot 50 ºC i juli. Det kjem lite nedbør og det vesle som kjem er om vinteren.

Vêrdata for Ibra
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 22,8 25,8 29,6 33 36,9 39,5 40 37,7 36,2 32,8 29,3 26,1 32,5
Gjennomsnittleg min °C 13,3 14,8 18,2 22,3 26,2 27,9 27,8 26,5 24,6 21,3 17,9 15,1 21,3
Gjennomsnittleg nedbør mm 1 16 19,6 14,4 2,9 16 12,2 10,9 11,8 0,9 2,6 9,2 117,5
Kjelde: World Meteorological Organization (temperature and rainfall 1998–2009)[1]

Turistmål[endre | endre wikiteksten]

Hovudattraksjonane i byen er dei mange vakre vakttårna, ein tradisjonell marknad og undergrunnnskanalen Falaj Al-Afrit.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Climatological Information - Ibra». World Meteorological Organization. Henta 21. april 2016.