Ibtin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ibtin
landsby
Land  Israel
Region Nedre Galilea
Distrikt Haifa distrikt
Kommune Zevulun
Koordinatar 32°45′36.17″N 35°6′47.51″E
Folketal 2 680  (2012)
Grunnlagd 1965
Kart
Ibtin
32°45′36″ N 35°6′48″ E
Wikimedia Commons: Ibtin

Ibtin (arabisk إبطن, hebraisk skrift אִבְּטִין) er ein beduinlandsby nord i Israel. Han ligg i Nedre Galilea kring ein halv kilometer frå Kfar Hasidim og høyrer til Zevulun regionale kommune. I 2012 hadde han eit folketal på 2 680.[1]

Landsbyen vart grunnlagd i 1965 som ein del av planen om å la beduinar i området få faste busetnader. Innbyggjarane i landsbyen kom frå Amira-stamma.

Det heilage treet U'm Ayash står i landsby, som i følgje ei segn let steinar rulle under seg kvar fredag.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet cbs-loc
  2. Dafni, A. (2007) The supernatural characters and powers of sacred trees i Holy Land J Ethnobiol Ethnomedicine. 2007; 3: 10