Ice Cream for Crow

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ice Cream for Crow
Studioalbum av Captain Beefheart og The Magic Band
Utgjeve September 1982
Innspelt Mai og juni 1982
Studio Warner Brothers Studios, North Hollywood, California
Sjanger Bluesrock, eksperimentell rock, opplesing
Lengd 37:29
Selskap Epic, Virgin
Produsent Don Van Vliet
Captain Beefheart og The Magic Band-kronologi 
Doc at the Radar Station
(1980)
Ice Cream for Crow The Legendary A&M Sessions
(1984)


Singlar frå Ice Cream for Crow
  1. «Ice Cream for Crow»
    Utgjeve: August 1982

Ice Cream for Crow er det tolvte studioalbumet til Captain Beefheart and the Magic Band, utgjeve i september 1982. Det vart det siste albumet Don Van Vliet spelte inn før han brått avslutta musikkarrieren sin for å fokusere på karrieren som kunstmålar. Albumet låg to veker inne på den britiske albumlista og nådde 90. plassen,[1] men gjekk ikkje inn på den amerikanske Billboard Top 200.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Medan Ice Cream for Crow vart produsert, hadde Herb Cohen kome til forlik i søksmålet hans mot Frank Zappa over at Zappa heldt attende masterlydbanda til Captain Beefheart-albumet Bat Chain Puller.[2] Don Van Vliet føreslo at halvparten av songane frå Bat Chain Puller skulle inkluderast på Ice Cream for Crow, men Zappa nekta Vliet å gjere dette, så Vliet komponerte derfor stort sett nye songar for albumet (unntaket var acapellasporet «81 Poop Hatch», som Vliet tok med frå kopien sin av lydbandet frå Bat Chain Puller, sjølv om «The Thousandth And Tenth Day Of The Human Totem Pole» vart spelt inn på ny). Songane «Semi-Multicolored Caucasian», «The Past Sure Is Tense» og «The Witch Doctor Life» var alle skrivne for tidlegare album, men ikkje nytta før no.[2]

«Skeleton Makes Good» vart skriven på ein kveld. I følgje Vliet-biografen Mike Barnes er «dei mest originale og vitale spora på albumet dei nye songane.» Medan Ice Cream for Crow, har røter i tidlegare musikalske idear, peikar det fram mot ei ny musikalsk retning for Captain Beefheart and the Magic Band. Barnes skreiv at albumet «kjennest ut som ein forrett for ein hovudrett som aldri kom».[3]

Utgjeving og marknadsføring[endre | endre wikiteksten]

Plateomslaget syner eit måleri av Van Vliet og eit fotografi av han, teken av Anton Corbijn. Det vart laga ein musikkvideo til tittelsporet, regissert av Van Vliet og Ken Schreiber, med kinematografi av Daniel Pearl. Denne vart avvist av MTV fordi han var «for rar». Men videoen vart vist på TV-showet til Letterman, og akseptert på Museum of Modern Art, der han vart nytta i fleire program knytt til musikk.[4][5] Van Vliet forklarte i eit intervju i 1982 på Late Night with David Letterman at platetittelen representerte kontrasten mellom ei svart kråke og det kvite i ein vaniljeis.[6]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars[7]
Robert ChristgauA−[8]

John Peel kalla i BBC-dokumentaren The Artist Formerly Known as Captain Beefheart, Ice Cream for Crow eit av dei beste albuma til Captain Beefheart.[9]

Ned Raggett i AllMusic kalla albumet «ein siste underhaldande eksplosjon av vrikking frå ein av dei verkeleg sjølvstendige artistane i popmusikken på 1900-talet, med humor, dugleik og stil som alt er intakt.». Om The Magic Band skreiv han at «dei kverna ut meir opphakka rytmar, uventa gitarlinjer og uvanlege arrangement, Captain Beefheart let alt gå like vilt som alltid, med stor suksess.» Raggett sa at Beefheart' sine «underhaldande og vanvittige» opplesingar med suksess står side om side med dei «sinnsjukt flotte arrangementa» til The Magic Band.[7] Robert Christgau gav albumet karakteren A− og sa, «Ornette eller ikkje Ornette, den utblomstra delta-atonaliteten gjev framleis overraskande og irreduserbar tilfredsstilling, men poesien hans gjentar seg meir enn ideane hans gjev rett til. Ein kvar surrealistisk økolog som forkynner den same preika kvar gang, er sikker på å provosere fram fiendtlige spørsmål frå oss betongjungeltypar.»[8]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Don Van Vliet.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Ice Cream for Crow»4:35
2.«The Host the Ghost the Most Holy-O»2:25
3.«Semi-Multicoloured Caucasian»4:20
4.«Hey Garland, I Dig Your Tweed Coat»3:13
5.«Evening Bell»2:00
6.«Cardboard Cutout Sundown»2:38
Side to
Nr.TittelLengd
7.«The Past Sure Is Tense»3:21
8.«Ink Mathematics»1:40
9.«The Witch Doctor Life»2:38
10.«'81 Poop Hatch»2:39
11.«The Thousandth and Tenth Day of the Human Totem Pole»5:42
12.«Skeleton Makes Good»2:18
Bonusspor på ommastra utgåve
Nr.TittelLengd
13.«Light Reflected Off the Oceands»4:47

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rice, Tim; Rice, Jonathan; Gambaccini, Paul (1990). «Guinness Book of British Hit Singles & Albums». Enfield, Middlesex: Guinness World Records and Guinness Publishing. ISBN 0-85112-398-8. 
  2. 2,0 2,1 Miles, Barry (September 2005). «Zappa». ISBN 9780802142153. 
  3. Barnes, Mike. Captain Beefheart: The Biography. London: Quartet Books, 2000.
  4. Music Video: The Industry and Its Fringes, Museum of Modern Art, September 6–30, 1985
  5. Looking at Music, Museum of Modern Art, 13. august 2008 – 5. januar 2009
  6. Don Van Vliet , IMDb – David Letterman «Episode dated 11. november 1982 (1982) TV episode (as Captain Beefheart) ... Himself»
  7. 7,0 7,1 Ice Cream for Crow at by Captain Beefheart at AllMusic
  8. 8,0 8,1 Christgau, Robert (2015). «Captain Beefheart and the Magic Band». robertchristgau.com. Henta 26. april 2020. 
  9. Elaine Shepard (Producer), Declan Smith (Film research). (1997). The Artist Formerly Known as Captain Beefheart. [Documentary]. BBC.