Icebreaker
| «Icebreaker» Singel av Agnete | ||
| Land | Noreg | |
| Språk | Engelsk | |
| Utgjeve | 2. februar 2016 | |
| Lengd | 2:56 | |
| Selskap | Aiko Music | |
| Låtskrivar(ar) | Agnete Johnsen, Gabriel Alares og Ian Curnow | |
|---|---|---|
| Kritikk | ||
«Icebreaker» (Isbrytar) er ein singel av Agnete, gjeven ut 2. februar 2016.[5] Songen er skriven av Agnete Johnsen, Gabriel Alares og Ian Curnow.
Melodi Grand Prix
[endre | endre wikiteksten]Melodi Grand Prix 2016
[endre | endre wikiteksten]«Icebreaker» vart presentert som eit av bidraga i Melodi Grand Prix 2016, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 2016 i Stockholm i Sverige, på ein pressekonferanse hjå Norsk rikskringkasting 19. januar 2016.[6] På pressekonferansen vart det òg kjend at Agnete Johnsen, under namnet Agnete, skulle framføre songen, på engelsk.[6] Samstundes vart 15 sekundar av songen offentliggjort på NRK.no.[6] 2. februar 2016 vart songen gjeven ut i full lengd.[5] Bidaget gjekk vidare til gullfinalen, der det vann med 166 728 røyster. «Icebreaker» vert dimed det norske bidraget i Eurovision Song Contest 2016.
Eurovision Song Contest
[endre | endre wikiteksten]Eurovision Song Contest 2016
[endre | endre wikiteksten]| Eurovision Song Contest 2016 | |||||
|---|---|---|---|---|---|
| Land | Noreg | ||||
| Artist(ar) | Agnete Kristin Johnsen | ||||
| Alias | Agnete | ||||
| Medverkande | Sara Christine Einbu (dansar), Charlotte Bredesen (støttevokalist), Nicoline Berg Kaasin (støttevokalist) og Ingunn Dalland (støttevokalist) | ||||
| Språk | Engelsk | ||||
| Komponist(ar) | Agnete Johnsen, Gabriel Alares og Ian Curnow | ||||
| Låtskrivar(ar) | Agnete Johnsen, Gabriel Alares og Ian Curnow | ||||
| Resultat | |||||
| Semifinalepoeng | TBA | ||||
| Semifinaleplass | TBA | ||||
| Finalepoeng | TBA | ||||
| Finaleplass | TBA | ||||
| Noreg i Eurovision Song Contest | |||||
|
|||||
Sigeren i Melodi Grand Prix 2016 sikra «Icebreaker» retten til å representere Noreg i Eurovision Song Contest 2016. Bidraget vil delteke i den andre semifinalen med startnummer 15.[7] Opphavleg hadde bidraget startnummer 16, men vart flytta fram av di Romania vart diskvalifisert frå tevlinga.[7][8]
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «- Hadde låta vært et virus, ville WHO umiddelbart slått alarm». Dagbladet. 2. februar 2016. Henta 2. februar 2016.
- ↑ «VG anmelder Melodi Grand Prix-låtene». Verdens Gang. 2. februar 2016. Henta 2. februar 2016.
- ↑ «EUROVISION 2016: REVIEWS AND RANKINGS BY THE WIWI JURY» (på engelsk). Wiwibloggs. Henta 26. april 2016.
- ↑ «Vi går for Bulgaria!!». escNorge. 25. april 2016. Henta 26. april 2016.
- 1 2 «Hør «Icebreaker» av Agnete». Norsk rikskringkasting. 2. februar 2016. Henta 2. februar 2016.
- 1 2 3 «Her er alle artistene i årets MGP». Norsk rikskringkasting. 19. januar 2016. Henta 2. februar 2016.
- 1 2 «Running order of the Semi-Finals revealed» (på engelsk). Eurovision.tv. 8. april 2016. Henta 26. april 2016.
- ↑ «TVR (Romania) no longer entitled to take part in Eurovision 2016» (på engelsk). Eurovision.tv. 22. april 2016. Henta 26. april 2016.
- Singlar frå 2016
- Agnete Johnsen-songar
- Songar skrivne av Agnete Johnsen
- Songar skrivne av Gabriel Alares
- Songar skrivne av Ian Curnow
- Melodi Grand Prix 2016-songar
- Engelskspråklege Melodi Grand Prix-songar
- Melodi Grand Prix-vinnarsongar
- Eurovision Song Contest 2016-songar
- Norske Eurovision Song Contest-songar
- Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar