Gulbrystparula

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Icteriidae)
Hopp til navigering Hopp til søk
Gulbrystparula

Status i verda: LC Livskraftig

Illustrasjon av Louis Agassiz Fuertes, 1901
Illustrasjon av Louis Agassiz Fuertes, 1901

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Icteriidae
Slekt: Icteria
Art: I. virens
Namn på andre språk
  • Engelsk: Yellow-breasted chat
  • Vitskapleg namn
    Icteria virens

    Gulbrystparula (Icteria virens) er ein mellomstor sporvefugl som lever i Nord-Amerika. Plasseringa i taksonomien er ikkje definitivt løyst. Som artsnamnet ymtar om, har arten vore rekna som ein parula, ein amerikansk songar, men American Ornithologists' Union tok arten ut frå parulafamilien i 2017 og definerte ein ny familie for arten med vitskapleg namn Icteriidae.[1]

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Bilete frå Cape May
    Foto: Emily Willoughby

    Kroppslengda til gulbrystparula er rundt 19 centimeter og massen kan variere frå 20,2 til 33,8 gram.[2] Han er større enn alle (andre) artar i parulafamilien. Desse fuglane har fjørdrakt med olivenfarga overside, klår gulfarge på strupe og bryst, samt kvit buk og undergump. Andletet har ei karakteristisk teikning med kvit augering, svart tygel med kvite strek over og under. Nebbet er svart og relativt kraftig. Viss denne arten blir observert i felt, er han enkel å identifisere ut frå kjenneteikna.

    Sommarstid er han funnen tvers over Nord-Amerika frå sørlege sletteland i Canada, gjennom USA til sentrale Mexico, men trekker til Mexico og Mellom-Amerika, sjølv om nokre kan overvintre i kystområde i nord. Denne arten finst i område kor tett buskvekst er vanleg. I dag består habitata ofte av forlate jordbruksland og andre landlige område der overgrodd vegetasjon spreier seg.

    Gulbrystparula er ein skjerr fugl, ofte berre høyrt, men ikkje sett. Hekkeområda til denne arten er karakterisert av tett, låg vegetasjon, gjerne i utkanten av lauvskog og opp til 1200 moh. Kullet er på 3 til 5 kremkvite egg med raudbrune flekker. Hofuglen rugar i 11 til 12 dagar. Begge foreldra matar ungane, som flyktar ut av reiret etter ca. 8 til 11 dagar. Hekkefuglar i er ei viss mon polygame.

    Gulbrystparulaer er altetande fuglar, og søkjer føde i tett vegetasjon. For det meste beitar denne arten på insekt og bær, inkludert amerikanske bjørnebær og ville druer. Animalsk føde er insekt av opp til moderate storleikar, inkludert grashoppar, biller, bier, kvefs, maur, møll og døgnfluger. Dei tar òg andre virvellause dyr, inkludert edderkoppar. Unikt for ein sporvefugl av denne storleiken, grip gulbrystparulaer iblant føda med føtene før han et.[3]

    Songen av denne fuglen er ei merkeleg varierande blanding av kakling, klokketonar, fløytetonar og tuting.

    Storleiken på populasjonen er ikkje estimert, men trudd å vere robust. Sjølv om han er mindre sårbar enn andre artar som hekkar i tre, er gulbrystparula nokon gonger utsett for reirparasittisme frå brunhovudtrupialar. Likevel er arten enno vidt utbreidd og er klassifisert som globalt livskraftig.[4]

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    Referansar
    1. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2017), Updates & Corrections: August 2017, The Clements checklist of birds of the world: Version 6.12, page 646, Icteriidae, Cornell Lab of Ornithology
    2. Curson, J. & Garcia, E.F.J. (2017) Yellow-breasted Chat (Icteria virens) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 7. oktober 2017
    3. Yellow-breasted Chat Audubon Guide to North American Birds, henta 7. oktober 2017
    4. BirdLife International (2017) Species factsheet: Icteria virens. Henta frå http://www.birdlife.org den 7. oktober 2017

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gulbrystparula