Ida Børresen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ida Børresen (fødd 26. september 1950) er direktør i Utlendingsdirektoratet (UDI). Børresen fungerte i stillinga frå april 2006. Ho kom frå stillinga som assisterande departementsråd i Kunnskapsdepartementet. 9. februar 2012 vart ho tilsett som direktør i administrasjonen til Stortinget.[1] Ho tek til i stillinga 2. mai 2012.[treng oppdatering]

Ida Børresen er cand.polit. frå Universitetet i Oslo i 1983. Frå 1987 til 1990 var ho byråsjef i Justisdepartementet, og arbeidde deretter som seniorkonsulent/partnar i Stradec AS fram til 1998, då ho vart ekspedisjonssjef i Utdannings- og forskningsdepartementet. I 2004 var ho fungerande departementsråd og frå 2005 assisterande departementsråd i Utdannings- og forskningsdepartementet.

Ho er styreleiar i Oslo-Filharmonien og er medlem av Nationaltheatret sitt styre.

Ida Børresen, som er dotter av Ba Børresen, er mor til forleggar Erik Lundesgaard.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  1. Ida Børresen tilsatt som ny direktør for Stortinget