Ida Fladen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ida Fladen
Fødd 16. januar 1986 (36 år)
Yrke programleiar, radioprogramleiar, podkastprogramleder

Ida Marie Fladen (fødd 16. januar 1986) er ein norsk radioprofil og programleiar. Ho kjem frå Rælingen i Akershus.

Radio og TV[endre | endre wikiteksten]

Fladen gjekk radiolinja ved Danvik Folkehøgskole i Drammen, og jobba deretter i radiostasjonen NRJ, saman med mellom anna Petter Pilgaard.[1]

Fladen har vore programleiar for radioprogrammet MiksteipNRK P3. I 2013 var ho programleiar for livsstilsprogrammet Prosjekt perfektNRK. I 2014 melde ho overgang til TV 2, og sommaren 2014 var ho programleiar for Sommertid saman med Gunhild Dahlberg og Guri Solberg. Hausten 2014 var ho programleiar i Idol Junior på TV 2.

I januar 2018 kunngjorde Fladen at ho slutta i TV 2. Samtidig vart ho å sjå i nett-TV-programmet SpårtsklubbenVGTV.[2]

Podkast[endre | endre wikiteksten]

I 2018 starta Fladen som programleiar for podkasten Ida – med hjertet i hånden (ein tittel som speler på TV-serien Frida – med hjertet i hånden). Bakgrunnen for podkasten var Fladen sitt brot med kjærasten sin gjennom to år. Det har vorte ein populær podkast og ho får mange kjende personar til å snakka om kjærleikslivet.[3]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

I 2014 var Fladen nominert til fem Gullruten-prisar, i kategoriane «beste magasin og livsstil», «beste nye programserie», «beste nyskapning», «beste kvinnelege programleiar» og «årets tv-namn».[4] Ho vann pris i kategorien «årets nyskapning» for programmet Prosjekt perfekt.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ida Fladen forlater NRJ | RadioAssistant.no», web.archive.org, 24. september 2015, henta 8. november 2021 
  2. Spårtsklubben #53: Skjult kamera og tårer - VGTV (på norsk), henta 8. november 2021 
  3. Westeng, Kjersti (2. desember 2019), «Ida Fladen: - Jeg har kjempelyst på kjæreste, men tør ikke gå på date», Nettavisen (på norsk), henta 8. november 2021 
  4. Trulsen, Ola Nymo (31. mars 2014), «Ida Fladen kan kuppe Gullruten», NRK (på norsk bokmål), henta 8. november 2021 
  5. «Gullruten 2014: Her er vinnerne», NRK P3 (på norsk), 9. mai 2014, henta 8. november 2021 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Ida Fladen