Ida Maria
Utsjånad
| Ida Maria | |||
| | |||
| Fødd | 13. juli 1984 (41 år) | ||
|---|---|---|---|
| Fødestad | Nesna kommune | ||
| Fødenamn | Ida Maria Børli Sivertsen | ||
| Opphav | Noreg | ||
| Aktiv | 2007– | ||
| Sjanger | pønkrock | ||
| Instrument | gitar, vokal | ||
| Verka som | songar, gitarist, politikar, musikar | ||
| Prisar | Spellemannprisen for årets nykommer, Nordland fylkes kulturpris, Statoil-stipendet, Rockprisen, Årets Alarmpris | ||
Ida Maria Børli Sivertsen (fødd 13. juli 1984), kjend under artistnamnet Ida Maria, er ein norsk pop/rock-musikar (vokal, gitar og bass) og låtskrivar fødd og oppvaksen på Nesna og busett i Stockholm. Ho vann Zoom urørt i 2006 og Urørtkonkurransen 2007 med songen «Oh My God». Ho spelte dessuten på by:Larm begge desse åra og spelte på både Øyafestivalen, Trænafestivalen og Quartfestivalen i 2007. Ida Maria er kjend for intensiteten og energien ho avleverer når ho opptrer live. I 2007 vart ho tildelt Alarmprisen under Alarmprisen.
I 2008 gav ho ut debutalbumet Fortress Round My Heart. Under Spellemannprisen 2008 fekk ho prisen for årets nykomar for denne plata.