Ida Marie Hagen
Utsjånad
| Ida Marie Hagen | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 18. august 2000 (25 år) |
| Idrett | kombinert, skihopping |
| Klubbar | Haslum IL |
| Medaljeoversikt | ||
|---|---|---|
| Tevla for | ||
| i kombinert: | ||
| | ||
| Gull | 2023 Planica | Mikslagkonkurranse |
Ida Marie Hagen (fødd 18. august 2000) er ein norsk kombinertløpar og skihoppar som representerer Haslum IL. Ho debuterte i verdscupen i kombinert 3. desember 2021.
Hagen har fleire andreplassar i verdscupen: Dei to fyrste kom 11. og 12. desember 2021, i Otepää, den neste 3. desember 2022 på Lillehammer. Hagen vart nummer to samanlagt i verdscupen i kombinert 2021/22, bak Gyda Westvold Hansen.[1]
I VM 2023 i Planica kom Hagen på fjerdeplass i normalbakke/5 km, og ho deltok på det norske laget som tok gull på blanda lagkonkurranse.
Ida Marie Hagen er storesystera til Mille Marie Hagen, som også er kombinertløpar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Cup Standings Overall - Womens World Cup 2021-22». fis-ski.com. Henta 15. desember 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Ida Marie Hagen» frå Wikipedia på bokmål, den 2. mars 2023.