Ida Stein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ida Stein
Fødd1992 (28 år)
FødestadSandefjord i Vestfold i Noreg
FødenamnIda Stein
OpphavNoreg
InstrumentVokal
Verka somsongar

Ida Stein er ein norsk songar, låtskrivar, DJ og produsent fødd i Sandefjord.

Som 20-åring gav ho ut sin første singel «The Darkest Eyes», som gjorde at ho blei lovprisa av den norske musikkbransjen. «Et nytt stjerneskudd» skreiv WiMP på bloggframsida si i 2013. Våren 2013 budde Stein i Tyskland og gav ut EP-en Remnants Of A Dream. To år seinare, i 2015, kom den firespora EP-en Changing. Året etter blei ho finalist i NRK P3 sin Urørtfinale med låta «Are We Changing» frå same EP.

Stein deltok med singelen «Frozen By Your Love» i den første semifinalen i Melodi Grand Prix 2014, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 2014.Songen blei framført av TIMBRE, Frikk Heide-Steen og Ida Stein. I 2016 nådde artisten Urørtfinalen arrangert av NRK P3, blant topp tre i selskap med rapparen Cezinando og rockebandet Fasit.

I 2019 gav ho ut låta «Race For Applause», som blei omtalt med store ord av Nordic Spotlight og NRK P1 Stjernepose. I november 2019 kom også Netflix-serien El Club, der Ida sin låt «The Day That The Saucermen Came» frå den første EP-en hennar Remnants Of A Dream kan høyrast som soundtrack på episode 18, sesong 1.

Stein har varma opp for artister som Veronica Maggio, Seinabo Sey og Jonas Alaska, og spelt på scener som Rockefeller, Sentrum Scene, Slottsfjellfestivalen og By:Larm.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album/EP

  • "Remnants Of A Dream" (EP, 2014)
  • "Changing" (EP, 2015)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]