Psilorítis
(Omdirigert frå Ida på Kreta)
Psilorítis Ψηλορείτης | |||
fjell | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Område | Kreta | ||
Høgd | 2 456 moh. | ||
Primærfaktor | 2 456 m | ||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
![]() Psilorítis | |||
Wikimedia Commons: Mount Ida, Crete | |||
Psilorítis (gresk Ψηλορείτης) eller Ídi (gresk Ίδη), òg kalla Ida, Idha, Idhi, Idi eller Iti, er med 2 456 meter det høgaste fjellet på Kreta i Hellas. I tillegg er fjellet det høgaste i Hellas ut frå primærfaktor. Fjelltoppen ligg i fjellområdet Ida eller Idi, i periferieininga Réthymno. Det ligg berre 35 kilometer frå Knossos og vart i oldtida brukt for å vinne ut gull, kopar og jarn. Både Afrodite og Zevs vart dyrka her. I følgje ei legende fekk Zevs mat og husly her då han framleis var eit spedbarn.
Ida er fire meter høgare enn Pákhnes, som er eit fjell i Levká Óri.
Kjelde[endre | endre wikiteksten]
- Artikkelen er henta frå nederlandsk wikipedia.