Idan i Israel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 30°48′20″N 35°18′1″E
Idan
עִדָּן, עידן
landsby
none  Fritidsområde
Fritidsområde
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Arava
Distrikt Det sørlege distriktet
Kommune Sentral-Arava
Koordinatar 30°48′20″N 35°18′1″E
Folketal 150 (2005)
Grunnlagd 1980
 - Grunnlagd av Immigrantar frå USA, Canada og Sør-Afrika
Tilhøyrsle Moshavim movement
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Idan

Idan (hebraisk skrift עִדָּן, òg skrive Iddan) er ein moshav i Arava-regionen sør i Israel. Han høyrer Sentral-Arava regionale kommune.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Moshaven vart grunnlagd i 1980 av immigrantar frå Canada, USA og Sør-Afrika, som hadde organisert seg i 1976. Han vart kalla opp etter den nærliggande Idan-elva, som igjen fekk namn etter det arabiske namnet på elva, Wadi al-Aidan. I 2005 hadde han 150 innbyggjarar.[1][2] Etter Den israelsk-jordanske fredsavtalen, vart noko av landområdet til Idan gjeve over til Jordan.[2]

Plassering[endre | endre wikiteksten]

Mellom Idan og Hatzeva går ein teneste veg, kalla Fredsvegen. Jewish National Fund laga Fredsvegen langs grensa mellom Israel og Jordan, for innbyggjarane i det sentrale Arava, etter den israelsk-jordanske fredsavtalen vart underteikna i 1994. Vegen går langs foten av Aravaklippene, ovanom Edomfjella, og er omgjeve av åkrar og sandområde.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mapa's concise gazetteer of Israel. Yuval El'azari (ed.). Tel-Aviv: Mapa Publishing. 2005. s. 408. ISBN 965-7184-34-7.  (he)
  2. 2,0 2,1 HaReuveni, Immanuel (1999). Lexicon of the Land of Israel. Miskal - Yedioth Ahronoth Books and Chemed Books. s. 730. ISBN 965-448-413-7.  (he)
  3. Starry skies and wide open spaces (2 of 2), http://www.haaretz.com/print-edition/business/starry-skies-and-wide-open-spaces-2-of-2-1.10952, henta 2014-01-13