Idar Stegane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Idar Stegane
Idar Stegane.jpg
Fødd 28. februar 1940
Flora
Yrke skribent

Idar Stegane (fødd 28. februar 1940) er ein norsk professor og forfattar som særleg har teke for seg norsk og nordisk litteratur.

Stegane er fødd i Eikefjord i Flora kommune, busett i Bergen, der han tok mellomfag i tysk (1966) og norsk (1967), og grunnfag i allmenn litteraturvitskap (1968) ved universitetet. Same staden tok han magistergraden i litteraturvitskap i 1971, med ei oppgåve om Olav H. Hauge si dikting. I 1993 tok Stegane doktorgraden i nordisk litteraturvitskap, med avhandlinga Det nynorske skriftlivet. Studiar i framvoksteren av ei nynorsk litterær offentlegheit.

Før Stegane byrja det akademiske livet, arbeidde han ein periode på gard, og som skogsarbeidar og sildefiskar. I 1964 var han lærarvikar ved Flora folkeskule. Frå 1971 til 1972 var han lektor ved Firda offentlege landsgymnas på Sandane. Han var vitskapleg assistent ved Universitetet i Bergen i 1977, før han blei stipendiat og seinare førsteamanuensis same staden, mellom 1986 og 1993. Frå 1993 til 2007 var Stegane professor i nordisk litteratur, og han er no professor emeritus.

Stegane har skrive og har vore redaktør for fleire bøker. Olav H. Hauges dikting (1974) er ein lettare omarbeidd versjon av magisteravhandlinga og eit viktig bidrag til forskinga på Hauge si dikting. I 1983 gav Stegane ut ei bok om den unge forleggjaren og bokhandlaren Mons Litleré, med tittelen Mons Litlerés forlag. I 1995 redigerte han festskriftet Ord om ordkunst. Til Asbjørn Aarseth på 60-årsdagen, saman med Atle Kittang. Han har òg vore medredaktør for antologien Norske tekster. Lyrikk (1998), og saman med Hadle Oftedal Andersen redigerte han Modernisme i nordisk lyrikk i 2005. I 2010 kom artikkelsamlinga Artiklar om litteratur.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

I bøker - eit utval[endre | endre wikiteksten]

  • 2008 – Tid å hausta inn : 31 forfattarar om Olav H. Hauge (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-7202-7  [Redigert av: Bodil Cappelen og Ronny Spaans. Av innhaldet: Diktferd i Fjordane / Idar Stegane]
  • 2017 – Medan våren vaknar : dikt (Tvedestrand: Bokbyen forlag) . ISBN 978-82-8316-048-2  [Forfattarar: Bengt Berg & Helge Torvund; etterord av Idar Stegane]

I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]